lørdag 19. oktober 2013

Ein skatt av eit klesplagg

Vi er så heldige at vi har ei mor/sviger-/beste-/oldemor som tek vare på ting. Ein ting vi verkelege har gleda av å bruke om og om igjen er matorsdressen til mannen min.

Tenk at for 62 år sidan kjøpte ho inn ein splitter ny matrosdress I ull, med silkekrage , silkemansjettar og silkesnor i fløyta til eldsteguten sin, mannen min.

IMG_8799

IMG_8801

IMG_8810

Der er mange finurlege detaljar på dressen, som at buksa heng fast på trøya etter fire knappar

IMG_8802

-at der er snøring I livet bak på buksa

IMG_8804

-at der er sydde legg på skuldrane og ned på ermane på trøya, og flott løvemerke på eine ermet

IMG_8797

-at fløyta framdeles gir lyd frå seg når vi bles I henne

IMG_8803

-at gutebarnebarna mine tek seg så flotte ut når dei får på seg bestefar sin matrosdress.

IMG_8811

Våre eigne gutar hadda aldri på seg dressen, dei hadde for lite kjøt på beina til å fylle ut i han når dei var i aktuell alder. Den eldste av barnebarna fekk heller ikkje brukt dressen, han flytta ikkje hit til landet før han var litt for stor for han.

Men Anthony, Mateo, Oliver, og sist Michael har alle vore dressa opp i det staselege, gamle plagget, og Besta har vore like sjarmert og kry av alle saman:)

IMG_8846                      IMG_8845

Veslebror til mannen min var ikkje like begeistra med gjensynet då Michael kom i konfirmasjonen til Anthony

IMG_8836 

iført stasplagget; han hadde friskt i minnet korleis han sneik seg fram mellom ei rekkje bilar på ein parkeringsplass då han som femåring vart trua inn I dressen på syttande mai…

4 kommentarer:

  1. Så charmig liten matros. Den sjömanskostymen var jammen en riktig klenode :)

    SvarSlett
  2. Matrosdress var et "must" da jeg vokste opp. Jeg hadde rød kjole, dvs matros bluse og foldeskjørt. Det var nok like vanlig da som at ungene har bunader nå til dags. Koselig at det gamle plagget er tatt vare på og kan brukes.

    Riktig god helg!

    Klem

    SvarSlett
  3. Så flott eit plagg!
    Godt det er blitt tatt vare på.

    -god helg-

    SvarSlett
  4. Slik dress hadde bror min og i barndommen. Eg og søstra mi hadde med skjørt til. Og med matroshuer... har bilder enno frå ein 17.mai. Vi var så flotte..
    Min elste gut har brukt matrosdressen etter far sin, var nok eit stasplagg i 50-60 åra..

    SvarSlett