onsdag 1. april 2009

Håkon på besøk

Når ein har ein liten baby i nærleiken ser ein ekstra godt kor tida flyg.
Tenk at den vesle, skjøre skatten som eg fekk vere med å ta imot då han kom til verda for berre nokre dagar sidan, synest eg, no har vorte ein rund og triveleg godklump som har lyst til å "prate" med oss, og som smiler og ler når han er fornøgd med tilværet. Han er faktisk snart tre månader alt!
Her eine dagen kom Håkon innom på besøk til grandtanta si,
saman med mamma,












tante













og syskjenbarnet sitt, Sienna.

Det er spanande og kjekt å få ta del i veksten og utviklinga til Håkon.
Medan han var her fekk han vist ulike sider ved personlegdommen sin - frå smil og glede - til irritasjon og sinne når ikkje maten vart servert presis - for så å produsere gode koselydar medan han forsynte seg frå mamma sin pupp:)

Sienna på snart tre år er mektig kry av Håkon, ho kallar han lisjebror, men det spørst om han framleis vil sortere under den nemninga når veslebroren hennar kjem til verda ut på sommaren. Foreløpig har ho i alle fall Håkon å trene seg på, så blir det kanskje ikkje så mykje sjalusidrama når ho faktisk har vorte storesyster.

2 kommentarer:

  1. For ein herleg liten skatt du har i nærleiken. Rett og slett ein herleg godklump. Heldig du ja:-)

    Smil frå Wivi

    SvarSlett
  2. Du verden kor stor Håkon blir, ser han er en glad og oppvakt gutt,og med så med mange mennesker rundt seg som er glad i han ,ser det ikke ut som han kjeder seg lenge om gangen.

    SvarSlett