onsdag 25. mars 2015

Dette må då vere Strikkebesta sin største draum

Denne veka er eg Besta på heiltid. Godt å ha jobba inn timar som eg no kan avspasere med det beste samvit:)

Eg trudde eg hadde dagane for meg sjølv medan borneborna skulle vere på skule og i barnehage, men når det gjeld ungar skjer det gjerne uføresette ting.

Ikkje så dramatisk akkurat, men no er eg heime med sjukt barn på andre dagen. Forma er stigande og mammaen har vore smart og lurt unna kjekke ting i tilfelle det skulle trengast. 

Ein av dei kjekke tinga er ei strikkebok for nybegynnarar. Besta har skaffa tråd, og jenta er lærevillig, så før veka er omme har nok eit nytt kosedyr vorte til:)


Sjå berre kor ho har fått dreisen på strikkinga:)


Slik skal resultatet verte:


Oppskrifta er oversiktleg og grei, i alle fall for Besta, og det er no eit fellesprosjekt




Ute skin sola og vårblomane lyser






2 kommentarer:

  1. Så trivelig, både for deg og barnebarnet.��
    Våren ser ut til å være kommet litt lenger hos dere, enn her hos oss. Akkurat nå skinner sola her, og livet er herlig!

    SvarSlett
  2. Godt for barnebarna å ha ei Besta!
    Vår kjære Besta vart gravlagt i dag, i snø og sol.
    Ein rar dag.. men samtidig ein del av livet.
    Takk for omsorg!

    SvarSlett