torsdag 2. juni 2011

Metereologane lovde oss vind

Då fann vi eit passande høve til å ta turen til

Kråkenes fyr 023

Det skal visst vere temmeleg spektakulært i skikkeleg vêr.

No vart det berre liten kuling, på Måløybrua viste vindmålarskjermen 14 – 16 m /sek, men litt skumma det i alle fall.Kråkenes fyr 005

Eg veit ingen som er meir fascinert av energien i bølgjene enn mannen min, så han kosa seg i alle fall, sjølv om draumen er å få vere der i full orkan:)

Havetpage

Kråkenes er no omgjort til ein eksklusiv overnattingsstad med tilbod om guida tur og massasje, berre du betalar godt nok.

Kråkenes fyr 015

Ein kan få overnatte både i sjølve fyret

Kråkenes fyr 021

og i stormhuset, nokre meter lenger inne på trygg grunn

Kråkenes fyr 019

Vi tok til takke med å vere utandørs, denne gongen, så får vi sjå om vi skal slå til med eit luksusopphald, ein gong når vi kan vere sikre på at metereologane får rett når dei melder full storm med orkan i kasta…..



Eg må ha med eit bilete av Stadtlandet også, sett frå fyret på Kråkenes.

Kråkenes fyr 030

2 kommentarer:

  1. Masse flott natur vi har her i Norges landet,og på Vestlandet og i Nord norge er det vilt og vakkert men også værutsatt,så gubben skulle vel ikke mangle vind ,vann og storm der dere bor vil jeg tro? Fine natur bilder i all slags vær blir det og:O)
    Ha en fortsatt fin langhelg!!
    Klem fra Jorid!!

    SvarSlett
  2. Flotte bilder =) Bølger er fascinerende, så lenge en står trygt plassert på land ;)

    SvarSlett