mandag 31. august 2009

Eg er sterkt i tvil om avlinga......

I vår oppmoda ernæringsfysiolog-dattera mi meg om å dyrke jordskokk som ei erstatning for poteter no når eg prøver å redusere inntaket av karbohydrat. Eg fann setteknollar til sals på nettet og bestilte meg eit kilo for å sjå om dette er noko for meg.
Dei viste seg å vere svært så veksevillege, ikkje før hadde eg fått dei i jorda så spirte dei, grøne og frodige. Eg hadde lese at stenglane kom til å verte temmeleg høge, så eg hadde planar om å lage til støtte for dei, men dattera mi hadde fått forsikring om at dei klarer seg godt på friland, så det var heilt unødvendig.
Og stenglane vaks... Etter å ha vore ein månad på ferie i sommar, vart eg gledeleg overraska over kor store og kraftige dei hadde vorte! Så begynte regnsommaren, og stenglane vaks vidare, det såg ut som dei likte å bli så godt vatna. Svigersonen min vart noko usikker på om det er lov å dyrke noko som veks så fort, han såg for seg at eg kunne misse kontrollen og blir omringa av desse svære, grøne plantene!
Eg begynte å gle meg til september når dei skal stå i blomst, med gule, lysande kronblad, og regnet plaska - og skokkestenglane vaks. Så kom vinden.....

No ligg dei der som "ei kolvde hes", det kan vel hende at dei kjem til å blomstre, men det blir nok ikkje det flotte synet som eg såg for meg for nokre veker sidan. Og kva eg finn nede i jorda i oktober når dei skal vere klare for innhausting, sjå det.....

...... gulplommene som vaks seg så store og freistande på seinsommaren, klare til å skifte farge frå grønt til gult når sola berre smiler litt til dei.....

no sprekk dei før dei er modne, mange av dei rotnar på greinene......

....er det slik det går med jordskokkane også når naturen er for gåvmild med vatninga?


9 kommentarer:

  1. Vi dyrker litt av hvert her, men jordskokk har jeg ikke den ringeste formening om hvordan skal stelles. Kan trøste med at tilstanden for plommene er omtrent like trist her.

    SvarSlett
  2. Ikke greit å være jordbruker;)
    Håper du trives i ungdomsskolen,det gjør jeg fremdeles etter 30 år;)
    Ønsker deg ei fortsatt god uke;)

    SvarSlett
  3. Det høyrdest spanande ut. Håper det ikkje går heilt i vasken for deg! Lukke til :)

    SvarSlett
  4. Det var da voldsomt til vekst. Spennende å se hva som befinner seg nedi jorda.Tror ikke jeg vet noe om jordstokker,ikke engang hvordan de ser ut.
    Synd med de gode plommene. Men sånn er det i dette landet. Det er ikke noe vi kan gjøre med været. Lykke til med avlinga.

    SvarSlett
  5. Jordskokk er aldeles ukjent for meg......spennande å sjå avlinga.
    Brukar du dei som potet?
    Åja, plommene vil nok bli skrøpelege i dette vèret her òg....og me strevar skikkeleg med andreslåtten.

    SvarSlett
  6. Dette blir ei spennande avling.. du held oss vel underretta..? Har aldri prøvd å dyrka jordskokk,og det er vel ei grønsak som me nordbuarar er lite vane med.
    Plommene gjekk det heldigvis bra med her,fekk hausta kilovis og trea var så tunge av frukt at greinene låg nesten til bakken.
    Ha ein fin dag :0)

    SvarSlett
  7. Ja her følger jeg spent med! Har aldri vært borti jordskokker, men disse ser voksevillige ut. Så fint at noen tør å prøve noe annet. Ha en fin dag !

    SvarSlett
  8. uff ja det regnet er det ikkje mykje vi kan gjere med men det var synd at øydela plantane .Får håpe at det går betre med det som er nede i jorda.Yr lovar betre veir framover så vi får håpe dei har rett denne gongen då.

    SvarSlett