onsdag 2. september 2009

Utfordring - saman med ein flott award!

På kommentarplass låg det ei lita melding om at Bestemor Drillo hadde noko til meg på bloggen sin. Nysgjerrig som eg er tok eg sporenstreks turen bortom for å sjå, og der fann eg denne stilige awarden:)
Sidan eg ikkje kan motstå utfordringar, passar det bra at eg skal skrive ti ting om meg sjølv før eg sender awarden vidare. Eg set stor pris på alle nye venner eg har fått i bloggverda, derfor kjem det ikkje til å vere vanskeleg å finne nokon å sende han til:)
Sidan eg kallar meg Strikkebesta er det vel ikkje så vanskeleg å gjette seg til at eg er ei retteleg kry Besta til 6 flotte borneborn og gjerne har eit strikk for hand når eg skal kose meg.
At det tok meg 19 år å få dei 5 borna mine
er det kanskje ikkje så mange som visste frå før.
I ein alder av 50 år begynte eg å lære meg spansk, og det har eg lyst til å bli betre på!!
Eg er glad i litteratur, men for tida har eg altfor mange uleste bøker i hyllene mine,(kan det vere blogginga som stel av tida mi?)
Eg er ei seriøs dame som er avhengig av humor i kvardagen! Elles hevdar mannen min at eg er frykteleg naiv, og det ser eg på som min BESTE egenskap:)
No håper eg at
Jorid i Jorids BestemorBlogg,
Stubbetufsa
Trollkåno i Troll og Ting
Villmarkstausa og
Nikoline på landet vil ta imot awarden og utfordringa, så blir vi enda litt betre kjent!

6 kommentarer:

  1. Tusen takk, jeg tar i mot;-))

    SvarSlett
  2. Artig å lese! Man blir faktisk litt bedre kjent gjennom de 10 tingene man nevner.
    Enig med deg; humor i hverdagen er enormt viktig!!
    God kveld til deg og klem fra meg;)

    SvarSlett
  3. Det var en artig utmerkelse, med betingelse!
    Jeg sier tusen takk og tar i mot!
    Spansk kunne jeg også godt tenke meg å lære!

    SvarSlett
  4. Hei!
    Tusen takk for award og utfordring...synest den er litt vanskeleg, må tenkje litt.
    Ps. har ikkje gløymt det eg skulle sende til deg....kjem snart.

    SvarSlett
  5. Takk for det, eg skal ta den seinare i dag. Det er nemleg meldt finvær her idag og då må eg UT! Får prøva å rydda opp litt rundt huset etter alt regnet,det ser ikkje ut nokon stadar her...
    Ha ein flott dag :0)

    SvarSlett
  6. Hei!
    Off ej hadde aldri hatt tolmodigheit til å strikke, i så fall ikkje å lage tråden sjøl!
    o.O

    Kjempefiin blogg forresten.
    Gla i dej!

    Oda :)

    SvarSlett