fredag 11. september 2009
Knappeproblem
Den gode, varme ulljakka eg har strikka til Marylin har vore ferdig ei stund, bortsett frå at ho har mangla knappar. Eg hadde først tenkt at eg skulle finne nokre festlege hekter, men dei hekta som var i handelen her i bygda var ikkje akkurat slik eg hadde tenkt meg. Ikkje noko stort problem, knappeutvalet er i alla fall bra, og eg fann nokre knallsøte katteknappar i tre som eg glad og fornøgd tok med heim:)
Før eg kunne sy dei i jakka, måtte eg rekke opp eine knappestolpen og lage knapphol. Når det var gjort, sydde eg fast den første knappen med ulltråden eg hadde strikka jakka med.
Men kva skjedde med kattepusen då?
Han vart blinda!
Noko så trasig! Eg kunne då ikkje sende avgarde ei jakke med fire kattar som hadde fått bind for augene, vel?!
For å sitere mora mi: "Det er betre å vere raualaus enn rådalaus", så noko måtte eg finne på.
Eg leitte gjennom sytråden min i håp om å finne ein farge som passa med trefargen på knappane, det næraste eg kom var å blande lys beige og mørk brun.
No har eg sydd fast knappane, kattane ser ut som dei har fått briller, og eg tenkjer som så at det er i alla fall betre å gi dei briller enn å blinde dei, så no er eg bort i mot fornøgd:)
Det håper eg Marylin, som skal bruke jakka, også blir.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det tenkte dei nok ikkje på dei som laga knappane ,at det kunne bli eit problem, men du løyste det jo fint! Søte kattepusar i alle fall :) Og ulljakka var jo kjempefin! Blir nok populær med kattepusar på. Ha ei fin helg :)
SvarSlettFin jakke og fine knappar.
SvarSlettVart betre no, ja.......med briller enn
blinde kattar.
Ha ei god helg!!
Jeg lurer virkelig på hva produsenten hadde tenkt! Jakken ble nydelig og pusete!
SvarSlettDisse knappene har jeg vært borti, og hadde samme utfordringen som du, men du løste det bedre enn jeg for mine knapper ligger her ennå. Jakka med brillekattene ble kjempefin, så nå har jeg lært i dag også ! Ha en flott helg !
SvarSlettSå flotte knapper. Måtte smile da jeg så den "blinda" katten. Du løste problemet fint. Jakke ble flott og den vil sikkert bli brukt masse. Tror jeg må se etter slike knapper jeg også for det yngste barnebarnet mitt er helt vill etter katter.
SvarSlettHåper du får en flott helg.
Flott jakke og katteproblemet løyste du fint.Det er så kjekt med raglanfelling.Ingen montering ,berre feste trådar og ferdig!!
SvarSlettSå artig en historie du fikk til av dette kinkige problemet Kristin.
SvarSlettJeg fikk meg iallefall en skikkelig god latter,
du er jammen ei kreativ og positiv dame som løser det meste med humor Kristin!!
Håper Marylin blir glad i jakken med de brillefine kattepusene!!!
Ønsker deg ei god helg!!!
He-he, ja jakka blei kjempesøte - og hovedpersonen gler seg til å ta den i bruk (ho kom bortom PC'en og tok en rask kikk før ho sprang tilbake til det ho holdt på med). Katteknapproblemet er nok ikkje det som opptek henne mest, men det skal bli nok bli stas å få den på - det er det nok ikkje mange andre i omgangskretsen som har ei slik!
SvarSlettFlott innlegg. Morsomt med knappene. Jeg er helt enig med deg at det gikk ikke å la katten ha bind for øynene. Dette løste du bra: )
SvarSlett