søndag 6. september 2009

Eg spinn!

Det finns mange spanande hobbyar, strikking er for meg avslapping og eg har mange strikkeplanar, men av og til får eg lyst til å prøve meg på andre ting også. Toving, td, både med utgangspunkt i strikka ting og med karda ull, har eg leika meg litt med, med blanda resultat:)
Her i bloggverda er det lett å bli inspirert av alt det flotte som blir laga, og noko av det som har fascinert og inspirert meg er Matildes rokk. Eigaren av denne bloggen spinn sin eigen tråd.Etter å ha rådført meg der, og fått adressa til nettbutikken Spinnvilt, låg det meste til rette for meg til å prøve å lage tråd.
I går kom pakken, der låg handteinen eg må ha, ein begynnar-handtein, den billegaste eg fann, ei bok som skal gi bra instruksjon til nybegynnarar, og ull!
Er du klar over kor mykje herleg som er å få kjøpt av den sorten? Rein ull i mange kvalitetar - og ullblandingar av forskjellig slag - mange fine fargar - så mykje fine trådar ein kan lage når ein berre kan spinnekunsten!
Eg starta fornuftig då eg skulle bestille ull og valde først shetlandsull, grå, så tenkte eg at eg må no prøve alpakka også, dermed vart det ei blanding av ull og alpakka, kvit, og så var der ei blanding som eg berre ikkje kunne motstå: Merinoull og tussahsilke! Kvit den også.

Kva tid eg blir god nok til å ta fatt på den, det anar eg ikkje, men eg har i alle fall gleda av å sjå og ta på ulla medan eg øver meg med shetlandsull:)

Korleis det går med spinninga? Vel, eg lagar tråd, ikkje er han så fin å sjå på, for tjukk og veldig ujamn, sannsynlegvis overtvinna så han kjem til å snurre seg når eg nøstar han av teinen, men det skal litt meir til for å ta motet frå meg:)
I dag tidleg stod eg, erklærte b-mennesket, opp minst to timar før vanleg søndagsfrukost-tid og sette i gong handteinen, eg hadde produsert mange meter tråd før nokon annan i huset vakna. Dersom iveren held seg oppe, eg bli flinkare etterkvart, og finn eg ut at dette er ein hobby eg vil halde på med, er neste steg å ta spinnekurs på rokk hos Spinnvilt i Lillehammer. Tida vil vise korleis dette utviklar seg.....

Elles har eg delteke i det årvisse "rypesleppet" her i bygda: eit mosjonsløp berre for kvinner. Tida vart ikkje noko å skryte av, men eg fekk meg ein trimtur rundt øya i følgje med folk eg ikkje snakkar med kvar dag - rett triveleg var det - i regnveret! Ser du rypa på tur?

12 kommentarer:

  1. Så koseleg. Det ser jo ut som du er kjempeflink allerede! Ser du har kjøpt same boka som eg kjøpte. Kjenner meg litt igjen. Eg og fekk dilla ,og no kosar eg meg med spinning så ofte eg kan :)

    SvarSlett
  2. Du er tøff som lærer deg å spinne på håndtein! Jeg spant på rokk som ung, men nå... Nei, jeg er ikke så dristig som før, huff... Men du er!

    SvarSlett
  3. Hei!
    Neimen ikkje skvetten, du...som prøver deg på spinning.
    Har gått spinnekurs for mange år sidan, på rokk...men gav opp eeter kort tid...kanskje eg gav meg for tidleg?
    Truleg meir tolmodig. du......
    Lukke til vidare!
    Ikkje at det betyr so mykje, men Jørn er nesteldste son......
    Ha det so bra!

    SvarSlett
  4. Du er sannelig tøff! Men det er spennende å prøve seg på noe nytt!
    Rypeturen hørtes hyggelig ut;) Drev og jogget mye for noen år siden;)
    Ha en flott kveld!

    SvarSlett
  5. Dette trur eg du får til.Ser ut som du er på god veg iallfall.Eg har alltid hatt lyst å lære å spinne.For eindel år sidan var det spinnekurs her men trur du eg somla meg til å melde meg på ?

    SvarSlett
  6. Så spennende.Morro å jobbe med ull, og så blir det så fint!!

    SvarSlett
  7. Jammen er du tøff ! Du får det helt sikkert til. Det er spennende å begynne med nye ting. Takk for kommentaren på bloggen, det spørs om ikke det er samme busken. Naboen har hatt busken i mange mange år og fruktene har aldri hatt annen nytte enn å henge til pynt, stenhårde som de er

    SvarSlett
  8. Gratulerer med ny håndtein og masse fin ull. Dette kommer du til å få dreisen på, ser det ut til. For mye snurr på garnet til å begynne med er vanlig. Det hjelper å vaske det i litt Milo, og henge det til tørk i lett strekk etterpå. Aller helst bør du tvinne to tråder før du bruker det. Det er lettere å få til et brukbart totrådsgarn enn entrådsgarn i startfasen. Når jeg spinner med håndtein, spinner jeg alltid mot høyre. Når jeg tvinner to tråder, spinner jeg mot venstre. Du må alltid spinne motsatt vei når du tvinner garnet. Likedan er det når du bruker rokk :) Jeg er selvlært, og har hatt mange aha-opplevelser underveis :/ "Øvelse gjør mester" vet du, så stå på!

    SvarSlett
  9. Så artig at du prøver noe nytt.Jeg er sikker på at du får til dette når du får øvd deg litt,for slike posetive damer som deg vil alltid nå målet vet du Kristin!!!
    Lykke til med din nye hobby,og ei fortsatt fin uke til deg!!
    Klem fra Jorid!!

    SvarSlett
  10. Så flink du er,tenk å lære seg å spinne helt på egen hånd.
    Men det er jo veldig artig å prøve noe nytt.Ønsker deg lykke til med spinnekunsten.

    SvarSlett
  11. Oi... så spennande! Men det må vera vanskeleg å få til... Eg har aldri prøvd å spinna,men har rokk. Har veldig lyst å læra meg farging av garn med "naturingrediensar" som sopp,mose osv.
    Ha ein fin dag :0)

    SvarSlett
  12. Kult, kan du lage tråd til mej også? Vil helst ha økologisk merinoull...?!

    SvarSlett