fredag 21. august 2009

Kva type blogg er dette?????

M i Et glimt av M har eit "tatt-på-kornet-innlegg" om interiørbloggarar, dette har fått meg til å fundere på kva kategori bloggen min kjem inn under. Definitivt ikkje under interiør, same kor mange syltekrukker eg får:)
Av namnet på bloggen min kan ein tru at eg er ein ivrig handarbeidsfantast som sit med strikket i fanget og lagar fine plagg til borneborna så sant eg har ein ledig augneblink. Ser ein på lista over innlegg, derimot, er det fint lite strikkeprat, berre nokre lestepar i ny og ne,
litt meir om borneborna, og mest av det som kan katalogiserast under tittelen YMSE.

I dag skal eg prøve å få meir retning på bloggen min, sidan eg tilfeldigvis er i gong med strikking til dei søte små......

Det starta med at eg ville strikke ein skulegutgenser til Mateo. Oppskrift fann eg i eit blad, tjukk tråd, om enn ikkje den same som i oppskrifta vart innkjøpt, og snart var eg klar over at det måtte bli ein barnehagegutgensar til Oliver i staden,
Skulegutgenser må det også bli, så ny tråd vart innkjøpt, storleiken vart justert opp eit nummer, og no er eg godt i gong med Mateogenseren:)

Innimellom desse prosjekta fann eg ut at Marylin må få ei god og varm haustjakke, den strikka eg utan oppskrift, så etter at ho var ferdig kom eg på at eg hadde gløymt å felle for hals på framstykka:( Her må eg nok rekke opp nokre omgongar, men med tjukk Viking Balder-tråd og pinnar nr. 8 er det eigentleg ei grei sak:)
No når skulen er i gong etter ferien er det helgene som må brukast til strikkeriet, derfor skal eg no innta favorittplassen i sofaen, med tekrusa framføre meg og lys på bordet og kjenne at det er godt å vere inne i den vanlege tralten igjen.
God helg:)

13 kommentarer:

  1. Ein koseleg blogg har du uansett kva du kallar den....kjekt å stikke innom her.
    Og det er kommentarane og responsen ein får som gjer dette so utruleg kjekt å drive på med.
    Ei god helg til deg!

    SvarSlett
  2. Ikke alltid enkelt å vite hvor man hører til:D Jeg skulle i utgangspunktet ha en ren håndarbeidsblogg, men har skeiet mer og mer ut...skitt...samme kan det være;) Kjempefine plagg du har produsert her! Så du er vel litt strikkebesta,også;) Ha ei flott helg!

    SvarSlett
  3. Så fine plagg du har strikka! Vi er nok fleire som har ein blogg som ikkje kjem under ein spesiell kategori, men pytt, kva gjer vel det :) Det viktigaste er vel at vi kosar oss med blogginga!

    SvarSlett
  4. Såg nettopp at du hadde lagt igjen ein kommentar hos meg. Har høyrt om den bedrifta som du nemner, og det er så kjekt at det går an å få til slikt! Sjølvsagt deler eg oppskrifta med både ho og ellers dei som vil prøva den! Lukke til, og ha ei fin helg :)

    SvarSlett
  5. Jeg synes du kommer inn under kategorien "koseblogg". Jeg synes bloggen din er veldig koselig å lese og det virker det som det er mange andre som gjør også. Og så koser du deg med den selv også tror jeg, og det er vel nesten det viktigste.
    Flott genser du har strikket og den jakke ser nydelig ut.
    Ønsker deg en fin helg.

    SvarSlett
  6. Jeg kjenner meg igjen i virvaret av innlegg, men er det så nøye. Hovedsaken er at vi har noe vi vil dele med andre, samme hva det er.
    Forøvrig har du så mye nydelige strikkearbeider på bloggen at det har du dekning for. Ha en god helg!

    SvarSlett
  7. Hei.
    Synes du har en kjempefin blogg med litt av hvert hyggelig å se og lese.
    Jeg har faktisk bodd nesten et år på Fiskå og synes det var moro å lese om gården ved Hakallestranda. Den var ikke åpen for publikum da jeg jobbet der, men som dyrlege kan det vel hende jeg var innom.....

    SvarSlett
  8. Heldige barnebarn som har strikkebesta.
    Jeg synes det er med blogger som med drops, de blanda er best. Det er sikkert for jeg intereserer meg for så mangt selv, så slike helt enspore blogger blir litt kjedelig. Selv er jeg umulig å sette i bås ;)

    SvarSlett
  9. Hei igjen!
    Kvifor Balkanfest på Evanger?
    Er vel minst to grunnar til det....
    *Fleire frå det området bur i bygda vår..
    *Nesteldste son vår (som drog det heile igang) er veldig interessert i Balkanmusikk.
    Hvis du sender mailadr evt postadresse skal eg sende deg noko meir.....
    Mailadr mi finn du på høgre side på bloggen min....

    SvarSlett
  10. Hei.
    Artig at du skriver på spansk og da...(i bloggen min) Alle ord skriver du riktig, men har noen gramatikalske feil...(tenk, det sier jeg som aldri har lært gramatikken! he, he...) Synes du er flink! Hvordan har du lært spansk? Gått mange kurs? Virker som du har et veldig bra ordforråd. Skjønner at du absolutt ikke er noen nybegynner!
    Jeg har som sagt lært av å bo her... Har spansk mann, og spanske venner. Gikk på et kurs i Oslo for mange år siden, men det ble for mye mas om gramatikk, så det gikk dårlig... Men her har alt kommet av seg selv.
    Jeg lærte mye ved å se på spansk TV og å se på spanske Ole Brum videoer da datteren min var lita.... Jada, Ole Brum...he, he...
    Om du får inn en spansk tv-kanal kan det være nyttig for deg. TVE-international kan en få inn med parabolantenne.

    SvarSlett
  11. Det er jo nettopp desse "YMSE"-bloggane som er dei kjekkaste bloggane! Sant og sei så gjekk eg fort lei av å vera innom reine interiørbloggar,men det er mange som kjem innunder den kategorien som også har variabelt innhald,då.Der må eg alltid kikka innom "mine faste".
    Så er det altså slett ikkje slik at eg kan alt,berre så DET er sagt.... strikka labbar for eksempel - det kan ikkje eg.. Me tærar på lageret me har etter mamma,men det tek til å minka etterkvart. Flotte og gode gensarar du har strikka til borneborna, dei vert nok sett pris på vil eg tru.
    Ha ein fin kveld vidare:0)

    SvarSlett
  12. Liker meg hos strikkebesta uansett;-))

    SvarSlett