for då set ein så uendeleg stor pris på å kome heim igjen også:) Mateo var som ei sol heile dagen, frå 10.00 til 21.00, i bilen i går; han skulle heim til mamma, pappa og tre brødre og fortelje om alt det han hadde sett og opplevd, og dele ut gåver som han hadde med til dei:) Og kva er vitsen med opplevingar - og ting - om ein ikkje kan dele dei med nokon?På besøk hos Marylin i Oslo fekk Besta endeleg trakke rundt i tørt, sprakande haustlauv, det er ei stor glede for einfaldige sjeler, men vanskeleg å oppnå heime når hausten består av daglege regnbyger. Og faktisk så syntest både Marylin og Mateo også at det var kjekt!Ein Ikea-tur for å kjøpe korger til spinnesakene mine, pluss litt supplement til Oslostudenten vart det tid til, og sjølvsagt innom hos han for å forsikre meg om at han har det greitt der han bur:)
Trasking i bygater vart det mindre av, tru ikkje anna enn at når det stod på programmet, då kom sunnmørsregnet til Oslo.
Pytt, pytt, vi tok med oss Marylin og mammaen hennar og køyrde gjennom striregnet til tante Inger i Sverige - og vakna opp neste dag til herleg haustsol igjen!Ein kan aldri bli lei av å gå på oppdagingsferd hos henne; ho har så mange fine, søte, artige, gamle - og nye - saker rundt omkring i det store huset sitt, og der er stadig nye augnefryder å finne:)
Leikebutikk og godtebutikk var tingen for M og M, og litt vanka det på dei, både i den eine og den andre butikken...t.d.snopegebiss:)
Besta sjølv gjorde eit storvarp som fylte opp heile bilen, og som må få sitt eige blogginnlegg i morgon:)!!
Her var det mye flott å se;) Tenker dere hadde en koselig tur! gleder meg til å se hva som fylte bilen på hjemturen;)
SvarSlettHa en god fredag og klem fra meg;)
For en flott tur dere må ha hatt, men som du sier det beste er å komme hjem;) Tenker at de andre barnebarna satte pris på at dere kom hjem ! Klem ;)
SvarSlett