søndag 25. oktober 2009

Søndag - sol - og gledeleg overrasking:)

Sist søndag tok eg med kamera ut i sola og med "nasen vendt mot jord" fann eg mange fine motiv som eg kunne legge ut på bloggen når eg kom heim.
I dag har eg også vore ute i sola, med kamera som følgje igjen, ein smule meir "himmelvendt", kan ein kanskje seie. Du veit, ein må passe på å setje nasa mot sky når det er opphald om ein vil unngå å drukne her på våre kantar.
I det eg skulle passere forbi hushjørnet for å ta trimturen i nærområdet, gjekk eg meg fram på første motiv: Vårgyvelen som eg planta i den gamle kjellarpanna til påske, har ikkje den bomma kraftig på sesongen når han blomstrar no? Men blomstrar gjer han, saman med ein einsleg nellik:)
Så var eg heldig med det eine blankmispelbladet som hang igjen på hekken!
Oppe i skogen står det eg eigentleg ville fotografere: Lerketre. Min favoritt! Vakker når dei nye, små skota så vidt viser seg om våren, mjuk og elegant i rørsla når vinden bles i greinene med dei fine nåleblada om sommaren, og gullglitrande om hausten når nålene har skifta farge og skal til å sleppe taket. Konglane er ikkje så store akkurat, men likevel veldig dekorative når ein skal lage krans til jul.
Etter ein fin tur, ein god middag og kjekt selskap hos Mateo, var det tid for å ta turen innom bloggverda, og der fann eg denne kjekke overraskinga på kommentarfeltet til innlegget frå forrige søndag:
Et glimt av M

er det som har foræra meg denne takksemd-utmerkinga. Bloggen til M har mange følgjarar, ho har ein kreativ skriveevne som gler mange, i tillegg har ho andre kreative evner som gir seg ulike uttrykk, berre sjekk!
Først tusen takk til M for utmerkinga! Eg vart glad og takksam for at du ville gi henne til meg:)
Kva eg elles er takksam for?
Eg kunne lage ei liste så lang og omfattande at ingen orkar å lese henne. Utfordringa er å samanfatte det heile:
* Familien min:)
* Helsa!
* Vennskap - på mange plan
* Å bli vist tillit:)
* Årstidene
* Fargane
* Orda!
* Teknologien:)

Så kan kvar og ein lure på kvifor eg bruker akkurat desse stikkorda. Kanskje legg du som les dette noko heilt anna i kvart av omgrepa enn eg gjer, difor kan det verke fullstendig meininglaust, men det gir meining for meg, dermed blir lista mi slik!

Eg er takksam fordi eg har mange gode bloggevenner, tre av desse utfordrar eg til å lage eit innlegg om takksemd:
- Nikoline på landet sjolv om ho har dårleg tid med tanke på alt som skal lagast til messene:)
- ANE i Hagebø (som er ny i bloggverda, men som eg kjenner frå før - og difor veit at orda på utmerkinga passar godt:)
- Gamleheksa som er så flink med ord - på si eiga flotte dialekt!

9 kommentarer:

  1. Gratulerer med fin utmerkelse! Og du takla det fint! Jeg tror jeg skjønner hva du mener, det gir i hvert fall mening!
    Ha det bra!

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder fra en flott høst! Konglene kommer godt med når julepyntinga begynner;)
    Ha en fin dag og klem fra meg;)

    SvarSlett
  3. Fine blomar sopass seint på hausten hjå deg.
    Åja, lerkekonglane er flotte i dekorasjonar......veks ikkje so mykje lerk rundt her (det eg har sett)men eg har fått ein god del hjå syster i Nordfjord.
    Gratulera med utmerking!!!!

    SvarSlett
  4. Så fine bilder du har tatt. Koselig at det fortsatt er noen blomster igjen. Jeg synes også lerketreet er utrolig flott, fra de sarte skuddene tidlig vår til den praktfulle gulfargen på høsten.
    Ha en fin dag.

    SvarSlett
  5. Tusen takk! Dette var koselig og overraskende. Jeg får prøve meg på utfordringa di da, tror jeg har ei til på lur også. Jeg er så treg med slikt.

    SvarSlett
  6. Tusen takk for så god omtale, jeg blir SÅÅÅ glad vettø!
    Ha en fin dag, klem,M

    SvarSlett
  7. Tusen takk, den der var retteleg enkel så det må vel finnast litt tid til å ta den:0)
    Skal i alle fall prøva på det om litt...
    Lerkekongler er flotte,men heromkring er det helst å finna berre hjå private som har planta det i hagen.
    Ha ei flott veke:0)

    SvarSlett
  8. Gratulerer med en fortjent påskjønnelse;)
    Jeg er så enig med deg når det gjelder lerketreet, med helt fantastisk gulfarge om høsten og konglene som er så flotte til mange ting;) Masse nydelig bilder hos deg ;)
    Ha en fin høstdag i morgen! Klem;)

    SvarSlett
  9. Takk til deg, Kristin! Eg set pris på utfordringa, og eg har valt å gjere det på denne måten.
    T for TAKK
    A for AMEN
    K for KRISTIN
    K for KRISTUS
    S for SONGEN
    E for EMPATI
    M for MOT
    D for DRAUMEN

    Kvar for seg har orda ei heilt spesiell tyding for meg. Vonar at du som les dette, kan få tankane i sving, og finne ut kva orda har å seie for deg?

    Ha ein fin dag!
    Anita

    SvarSlett