Så greitt er det å vere bloggar:) Treng ein hjelp, råd eller vink, så er det berre å spørje. Denne gongen var det Wigdis som kunne gi meg det rådet eg trengte, andre gongar er det andre som kjem med gode tips. Det var verkeleg på tide å gjere litt endringar på bloggen min. No er eg vel fornøgd:) Tusen takk til Wigdis!
I dag har eg baka dei finaste julekakene eg får til: Jordbærhjerter.
Oppskrifta er enkel, eg lagar deig til fylte kjeks:
200 g margarin
100 g sukker
Rør kvitt
2 egg
1 ts bakepulver
500 g kveitemjøl
Det er litt vanskeleg å berekne mjølet, så ver forsiktig med siste hundregrammet.
Deiga får kvile i kjøleskap ei stund før eg kjelvlar henne ut.
Eg stikk ut hjerta med to peparkakeformer, eit bitte lite, kanskje barnebakesett, og eit litt større.så må eg lage like mange av dei heile, store hjerta som av dei med hol i midten.
Steiketemp: 180 g, tid: 8 min for heile kjeks, 6 - 7 min for dei med hol i.
Når kjeksa er avkjølte, smør eg gelé på eine sida av dei heile kjeksa og legg eit med hol i over.
Eg lagrar kjeksa lagvis i kakeboksa med bakepapir mellom laga.
Eg bruker jordbærgelé frå Gode greier, bedrifta til nabojenta. Fin farge, ikkje sant? Men ein kan bruke bringebærsylte, ripsgelé, aprikosmarmelade, alt etter smak og behag.
No var det "vinterblogg", ja...so fin.
SvarSlettOg dei kakene ser verkeleg gode ut...og ikkje minst..dei er flotte å sjå på......ser litt "vanskelege" ut å lage.
Ha det so bra i julestria!
Så pene julekaker.Sikkert gode også...Bloggen ble veldig bra. Vinter;-))
SvarSlettSå flotte kaker! Kan du kanskje legge ut oppskriften?
SvarSlettVintersiden din var fin og. Lekkert vardet. Ha en fin uke!
Bare hyggelig å kunne hjelpe. Bakgrunnen din ble flott.
SvarSlettSå nydelig kaker du har bakt. De tror jeg aldri jeg har sett før og de må da være vanskelig å lage, eller har du former som du stikker ut hjertene med. Skikkelig fine var de og de smaker også sikkert nydelig. Disse kun også jeg ha tenkt meg oppskriften på, hvis det ikke er en gammel familiehemmelighet da. Har full respekt for det.
Ønsker deg en flott adventsuke.
Takk for oppskriften. Disse må jeg prøve å få bakt før jul. Det blir veldig spennende og jeg er ikke så flink til å bake.
SvarSlettMums! min mamma lagar alltid syltgrottor, dom är ganska lika dina men hon gör dom bara runda med en grop i mitten, dina ser ju extra goda ut tacket var den formen du har lagat, man spiser ju minst lika mycket med ögonen som munnen :)
SvarSlettLekre, og heilt sikkert kjempegode :)
SvarSlettDette vart skikkeleg proft! Både bloggen og kakene! Kor flinke du er, Kristin! Og takk for at du har vore innom bloggen min for kommentar:) Ha ei fortsatt fin veke! Klem
SvarSlettVakker julebakst som vil pryde et kakefat!
SvarSlettDe er også sikkert gode ! Ha en god førjulskveld! Klem fra meg!