søndag 31. oktober 2010

Halloween

Då dei eldste ungane mine var små likte eg svært dårleg at dei ville ut og gå halloween. Å kle seg ut som skrømt og gå rundt og plage folk og tigge snop, nei, det skulle eg ikkje ha noko av. Dei to yngste spurde ikkje om lov ein gong, klart dei skulle gå halloween og seie ”knask eller knep” same kva eg meinte om den saka.

I jobben min, eg underviser mellom anna i engelsk, lærer eg kvart år litt meir om denne for oss ukjende tradisjonen, og kva skjer?

Frå å vere ei skeptisk dame som helst såg at halloween vart forbigått i stillheit, har eg år for år akseptert at denne skikken også er innført her i landet. Når eg veit meir om bakgrunnen til feiringa er det mykje lettare å godta dette også. Det er som med framandfrykt generelt, vi er negative til det vi ikkje veit nok om, når vi blir betre kjende med det framande, forsvinn skepsisen.
Dette har ført til at i år har eg kjøpt oransje lys til utelykta,

Halloween 034

eg har utstyrt meg med nok godteri til alle som måtte finne på å banke på døra mi

Halloween 039

- og eg har til og med kjøpt inn oransje roser til helga:)

Halloween 023

Når så Mateo min var den første som ringde på – og stod der åleine i mørket med “bloddryppande” munn – tok eg meg i å synest at det var rett koseleg å få slikt skummelt besøk:)

Skummelt besøk 002

Seinare kom Oliver og ein kompis,

Skummelt besøk 003

og etter det har her vore omtrent ti andre born som har teke for seg av snopet eg hadde klart til dei.

3 kommentarer:

  1. Ja. slik kan det gå:D jeg har aldri hatt noe forhold til denne skikken, og kan ikke huske at ungene var med på det, men idag ruster de seg med godtis og tar imot skrømt;) ..tror ikke det var vanlig her i den tida;)
    Flotte skrømt du fikk på døra og nydelig pynt;)
    Nyt kvelden og klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Har ikkje noko forhold til dette eg heller, held med julebukkar for meg...

    SvarSlett
  3. Hallo..hallo! Nå er eg tilbake etter mange mnd....Thihi. Og bloggen din saumfor eg ...og må ta en pause for mye har skjedd der ja. Får lese den sånn litt etter litt. Mykje å ta att...Halloween...nei har ingen forhold til det, men det vert vel med meg også..trur ikkje du det??

    SvarSlett