mandag 15. desember 2014

Langtur


I slutten av november la eg ut på langtur saman med to barneborn, ein svigerson, mora hans, og mannen hennar. Målet var Tanzania. Vi flaug til Dar es Salaam, derifrå køyrde vi taxi i timesvis til vi endeleg kom fram til vårt fyrste mål på reisa: Tembo Kijane i Pangani.


Vegstandarden var ikkje mykje å skryte av, vi humpa oss fram på holete grusvegar, ein gong på rett side av vegen, men for det meste på feil side, for der var holene minst.

Halvvegs framme tok vi ein stopp for å betale road toll fordi vi skulle køyre gjennom Sadaani nasjonalpark, og då fekk vi strekkje på beina, og gå på toalettet, og vi fekk nyte litt av den vakre naturen. desse blomane vaks rett ved ei elv, kvar gong vi såg slike blomar visste vi at det var vatn i nærleiken.
Vi fekk også smake mango rett frå treet, og vi lærde oss korleis en skal ete mango når ein ikkje har nokon fruktkniv for hand: det var berre å bite hol i eine enden og suge ut væske og fruktkjøt, etter kvart kunne vi lirke ut "plata" midt inne i frukta og skrape av fruktkjøtet med tennene. Det smakte søtt og godt:)

Dei lysegrøne rundingane oppe i treet er mangofrukter.

Sidan vi køyrde gjennom Sadaani midt på dagen var det ikkje så mange dyr å sjå, dei søkte klokeleg ly under dei store, skuggefulle trea, men ein giraff som tok livet med ro ved sidan av eit akasietre fekk eg i alle fall knipsa.

Det var ei letta mamma Marte som tok i mot oss då vi endeleg var framme på eco lodgen Tembo Kijane. Ho syntest det var ein dyrebar last som kom, (borna, kjærasten, mora og svigerforeldra) ho har høyrt om mange ulukker på tanzanianske vegar, og var temmeleg nervøs medan ho venta på oss. Godt at venninna hennar, Elise, var der og heldt henne med lag.

Vi vart tekne godt i mot av vertskapet, Sara og Eyal, og det gjekk ikkje lange stunda før vi var innlosjerte i våre respektive "rom". Marylin og eg fekk ein banda, bygt på pålar, med tak og veggar av kokospalmeblad, dvs, tre av veggane gjekk berre halvvegs til taket, vi skulle bu i eit ope hus rett ut i ville bushen!

Sengene var store og solide, med myggnetting heilt rundt, dei var plasserte i kvart sitt hjørne av romet, men sidan Marylin syntest det var litt skummelt når kvelden kom, tok vi og ommøblerte litt og sette sengene tett saman slik at vi hadde god kontakt om natta.


Det var spesielt å skulle sove der, med ein strålande stjernehimmel over hovudet og rasling og lydar av alle slag tett inn på oss. Nattleg besøk hadde vi også, eg vakna av krafsing og krasling i romet, men med berre mobilen som lyskjelde, og den lyste kun opp myggnettingen, så fekk eg ikkje sjå kven gjesten var. Eg skremde han ut att i natta med eit forsiktig kremt.
Vi kjende oss ganske trygge, for heile natta gjennom gjekk det masaiar og vakta området, dei var utstyrte med kraftige lommelykter og sprettertar. Eg vakna kvar gong lyset frå lyktene sveipa over taket i bandaen. Sprettertane brukar dei til å skyte på "bushbabies" som sit i trea og skrik om natta slik at turistane ikkje får sove.


Restauranten på lodgen var plassert idyllisk til nede ved stranda, og der fekk vi servert mat av høg klasse. Kokken, Sara, frå Tyskland har visst fått opplæring av broren som er Michelin-kokk, og det ho serverte var både lekkert å sjå på og nydeleg på smak.




Det var tre rettars middag kvar kveld: Her spinatsuppe, biff og pasjonsfruktpudding.




Marylin og Michael sette størst pris på det nybakte brødet:)


Paret som driv lodgen har ei sjarmerande datter på fem år. Ho heiter Timna og sjølv om ho veks opp utan andre born i næraste omkrets er ho svært sosial. Ho snakkar fem språk, og trass i at engelsk ikkje er morsmålet til korkje mora eller faren, kommuniserer Timna på engelsk utan vanskar. Ho  hadde gledd seg i fleire dagar til det skulle kome born til lodgen og ho fann tonen med Marylin frå fyrste stund, men det var tydeleg at ho også kosa seg med å leike med Michael. Vi bada og tøysa i sjøvatnet, som var varmare enn kroppstemperaturen, og seinare fann dei fram leikene sine og kosa seg med dei.
Her tek ho og Marylin farvel med Elise når ho skal reise heim til Noreg.


Timna tek godt vare på leikene sine, og ho ser ut til å like å halde på med dei om og om igjen. Her er eit heimelaga ludo, brikkene er ulike skjel som ho har plukka på stranda, terningen er det einaste på spelet som er kjøpt.


Etter kvart skal eg skrive om safariturane vi var på og dyra vi såg, men inntrykka er så mange at eg klarer ikkje å skrive om alt i ein gong.

1 kommentar:

  1. For en tur. Så tøff du er. Vet ikke om jeg hadde turt dette. Men fantastisk flott må det ha vært. God advent til deg og dine☆☆☆

    SvarSlett