søndag 23. mai 2010

Gryteklut-utfordring

Tenkje seg til, når eg for fyrste gong i livet mitt lagar gryteklutar så må dei blokkast for å få den rette forma!

Pinse og gryteklutar 045

Kvifor eg no lagar gryteklutar når eg aldri har gjort det før?

Fordi eg har fått ei utfordring frå ANE med bloggen  Hagebø:

Strikk gryteklutane etter oppskrifta her og lag eit innlegg om gryteklutar, lag gjerne eit nytt par. Målet er å sjå kor mange ulike gryteklutar som kjem “på trykk”.

Gryteklutar – eg har aldri hatt behov for å lage det, sjølv om det er noko eg brukar kvar dag. Gryteklutar  er typiske tombolagjenstander, noko vi stadig vinn på basar.
Men kor ofte går eg på basar?
Og kor mange loddar ut handarbeid no om dagen?
Når vann eg gryteklutar sist?

Ved nærare undersøkjing i skap og skuffer kjem eg fram til at eg har tre par, i tillegg til nokre vatterte grillvottar.

To par er nok vunne på tombola, for lenge sidan, det tredje paret, som eg utan tvil bruker mest, har eg fått med mor. Ho lagar stadig ting til utlodning, men dette paret vart så lite pent at det enda heime hos meg i staden for på basar:)

gryteklutanepage

No har eg strikka eit par etter oppskrifta til ANE,

Pinse og gryteklutar 012

og eit par som eg fann i Drops nr. 120.

Og plutseleg har eg fem par i staden for tre - og sjansen for at eg skal finne eit par når eg treng det er sjølvsagt tilsvarande større:)

Pinse og gryteklutar 027

Enkel oppskrift:
Legg opp 176 m, la det vere igjen ca 25 cm av oppleggingstråden. 
Strikk to m rett i same m, *5 m rett, ta 1 m laust av p, strikk 1 m rett, løft den lause m over, 2 m rett saman, 5 m rett, auk ved å str 2 m i same m, auk på same måte i neste m* gjenta frå * til *, avslutt omg. med å strikke to m rett i same m.
Neste omg. rett.
Gjenta desse to omg. til du har strikka 10 cm, fell av.
Drag oppleggingstråden gjennom alle spissane på oppleggskanten, snurp saman slik at brettane legg seg opp på kvarandre. Fest tråden og hekle hempe i ytterkant. (Blokk for å få rette forma på grytekluten)
Eg er ikkje særleg glad i multifarga tråd, og når eg ser korleis det artar seg her, så blir eg enda meir skeptisk til å bruke det i framtida, men gryteklutane blir nok tekne i bruk sjølv om dei ikkje er så fine å sjå på.

blokka gryteklutpage

Eg sender utfordringa vidare til tre flittige damer som sikkert hostar opp ei ny gryteklut-oppskrift på minuttet:

Stubbetufsa, Tovepia og Gamleheksa.

Ane vil gjerne ha ei lita melding dersom de tek imot utfordringa, og ønskjer at de utfordrar tre nye bloggarar:)

5 kommentarer:

  1. Jøje meg! Da må du gi meg litt tid, for her står prosjektene i kø:O) Jeg kan ikke garantere noe, for jeg har bestemt meg for å ikke ta imot utfordringer, men denne var av de bedre;)
    Skikkelig flotte kluter dette!
    Ha ei fortsatt fin pinse og klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Jeg tar utfordringa, og må få litt tid på meg!
    Artig!

    SvarSlett
  3. Så gøyale de var. Jeg har nettopp heklet grytekluten til Anne på Landet og kanskje jeg må prøve meg på denne også. Bare fordi det er morro å hekle grytekluter. :)

    Her har vi hatt sommer i to hele dager, men nå er det meldt regn og da kan man jo bruke tiden til å hekle f.eks. Håper du får en fin uke.

    SvarSlett
  4. Flotte gryteklutar har du, ja. Eg har nettopp blogga om julegryteklutane eg sydde no. Godt å vere ute i god tid. Hekle og strikke er ikkje mi sterke side, så det blir nok ingen slike hos meg, iallfall ikkje som eg har laga. Flotte bilete å sjå her inne hos deg. Og så var det spørsmålet ditt om sal av nøkkelhankar; joda, dei kostar 100 kroner, og eg har no mange forskjellige både i form og farge. Ha ei flott veke framover!

    SvarSlett
  5. Du store min, kor rask du er, Kristin! Ikkje før eg har lagt det på bloggen, har du slengt deg rundt og fått til så mykje og kjekt innlegg. Kjekt at du er med!

    SvarSlett