tirsdag 21. juli 2009

Ferieinnkjøpet

Det beste med Spania, etter mannen min si meining, er sumo de naranja natural - nypressa appelsinjuice:) Det bestilte han så ofte sjansen baud seg medan vi var der. Sidan vi begge hadde fødselsdag i løpet av ferien, fann vi ut at vi skulle gi kvarandre ei juicemaskin i gåve, så kan vi få nypressa juice når vi vil heime også.

Vel heimkomne har vi sjølvsagt prøvt ut maskina, vi har laga eplejuice, appelsinjuice og litt blandings-juicar, alt har smakt godt, men det vil bli litt dyrt dersom vi skal kjøpe inn all frukt / grønt som råstoff til juicen.

Eg har hatt meg nokre runder rundt på bloggane eg følgjer, og vart då inspirert til å gå laus på ripsbæra som no er akkurat passe moden til gelè. No er eg ikkje av dei mest arbeidssame her i verda, kvifor gå i gong med utpressing av bærsaft gjennom klede når den supre maskina stod her klar til innsats?
Dermed gjorde eg som mor mi brukte å gjere når ho hadde saftkokar: eg reinska ikkje bæra, berre plukka bort lauv og skylde godt under rennande vatn før eg kokte henne.
Så køyrde eg det heile gjennom maskina, det gjekk i rekordfart, men det som kom ut var eit slags forunderleg rosa skum, det likna mest på smuthie i konsistens.
Jaja, fram med klede og presse "smuthien" igjennom, men det var like skummande og rosa.
Så tenkte eg at om det får stå natta over før eg kokar det på nytt, så klarnar det nok.
Det gjorde ikkje det. Neivel, eg får koke det og skumma av, då. Litt betre, ganske fin raudfarge, men slett ikkje klart. Ny tur kjennom klede, så i gryta og sette til sukker, men vart det gelé? Nei, men det smakar like godt som gelé i det minste.Eg veit kva eg skal bruke det til: Ei venninne av meg har nemleg oppskrift på ripsbæris, der kan nok "grauten" min kome til nytte.No skal eg ut og plukke rips - til gelé - som skal lagast på gamlemåten, godt at det er meir bær på den einaste ripsbuska vi har:)

1 kommentar: