søndag 11. april 2010

AWARD - kva - og kvifor?

I dag har eg fått ein ny award:) Tusen takk til Margrethe i Hulter til bulter som sende han til meg!



Ho skriv i innlegget sitt at ho synest reglane som følgjer med awarden er i meste laget; gi han vidare til 12 medbloggarar....


Nokre av dei ho vil gi han til takkar nei nettopp på grunn av dette, og andre har bestemt seg for at deira bloggar skal vere awardfrie, både fordi det blir for mykje jobb å ta imot og vidaresende awardar, og fordi dei finn det vanskeleg å plukke ut nokre få "verdige" mottakarar blant alle kjekke, flinke, velkvalifiserte vennene dei har i bloggverda.

Dette får meg til å stille spørsmåla eg har i overskrifta til innlegget:
Kva er ein award? Kvifor gir vi kvarandre awardar?

Er ikkje awardar ein måte å vise at ein set pris på ein medbloggar?
Skal ikkje awarden vere ei oppmuntring - noko å gle seg over?
Må vi følgje reglane slavisk, eller kan vi tillate oss å tilpasse dei litt?

Eg innrømmer gjerne at eg blir glad når eg får ein award, og eg samlar på dei på bloggen min:)
Har funne ut at eg nok er ein smule forfengeleg på dette området:)

Og kjære alle dykk eg ønskjer å dele han med: Sjå på dette som ei utmerking og ei oppmuntring, gjer med han kva du vil, husk at fellesskapen her inne skal vere ein fristad - eit pusterom - ikkje det motsette!
Og er du ei av dei eg ikkje sender han til, så er det fordi eg veit / trur du har fått han før, det er nemleg slik at er du på blogglista mi så er det fordi eg synest du har ein fin og lesbar blogg:)


Her kjem lista på 12:
* Den syende himmel
* Hagebø
* Hverdagslivet hos meg og mine
* Ingrids ull og tull
* Mathildes rokk
* Nannis verden
* Sonjas side
* Spinneglede
* Strikk med ... farmor
* Randis tanker
* Troll og ting
* Villmarkstausa

Her er heile reglementet:
1. Legg ut Awarden i bloggen din
2. Gi den videre til 12 personer
3. Link til de du gir den til
4. Gi de beskjed om awarden
5. Link til den du har fått den av

7 kommentarer:

  1. Gratulerer med utmerkelse!
    Jeg er enig med deg i det du skriver on dette.
    Man kan jo gjøre med awarden som man vil, men den betyr bare at noen syns du er lesverdig og vil gi deg en oppmerksomhet!
    Jeg setter dem også opp på bloggen min!
    Ha en fin dag, strikkebesta!

    SvarSlett
  2. Tusen takk for Awarden. Jeg tar gjerne i mot den. Jeg er veldig glad for det du skriver om å motta en award. Nå ble det en utmerkelse til oppmuntring og glede.
    Jeg har også stilt disse spørsmålene tidligere på bloggen min. Den tilpasnings ideen din er den linjen jeg har valgt.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med Award til deg og takk for Award fra meg. Skal prøve å få gjort noe med dette.

    Som du sier; alle på blogglista er leseverdige. Jeg får et lite problem med å velge ut...

    Ha fortsatt en fin dag!

    SvarSlett
  4. Hei, og tusen takk for awarden. Eg har ikkje teknisk innsikt nok til å flytte rundt på desse symbola. Men kjekt å vite at du liker bloggen min. Og som du seier så har eg endeleg lært meg å legge til bloggar på lista mi. Og det er jo slik at dei som ligg der, er dei eg gjerne vil lese regelmessig. Ha ei flott veke.

    SvarSlett
  5. Har tenkt og tenkt... Det er ikke så lenge siden jeg delte ut Award og det er vanskelig å velge. Derfor har jeg gjort det på min egen måte. Linker til deg, både i innlegg og når jeg legger Award i venstre felt.

    Ha fortsatt en fin dag!

    SvarSlett
  6. Tusen takk for awarden. Set stor pris på den, men eg er nok ikkje så flink til å fylgje opp. Håper du fortsatt koser deg med spinning. Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett
  7. Hei! Det har gått nokre dagar sidan eg las om dette, og tenkte: skal, skal ikkje! Eg går diverre for det siste. Og det er leit å seie diverre, for som du skreiv: blogg skal m.a. vere kjekt. Eg ser meg ikkje syn med å vere med på dette, i denne omgang. Men takk for omtanken! Klem frå Ane

    SvarSlett