lørdag 17. april 2010

Motløyse - staheit.......

Det har vore stilt om spinning frå denne kanten ei god stund no. Det er ikkje det at eg ikkje har spunne, men det har gått utruleg sakte.
Eg likar best naturfiber, og silke er heilt i ei særstilling blant naturfibra.
Eg har kjøpt blandingsfiber av ull og silke som eg har spunne tråd av, har til og med strikka meg sjal av eigenspunnen tråd. Men utvalet når det gjeld fiber er stort, og eg les ikkje så nøye kva bruksområde det er tenkt til før eg handlar, og slik oppstår problema......
Eg fekk i hus noko som heiter silkenoil, 100% silke, det såg ikkje ut slik eg hadde forventa då eg opna posen:
Faren min var maskinist, og som barn var det stas å vere med ned i det bråkete, oljeluktande maskinromet i båten han jobba på. Der var alltid ei kasse full av "twist" som dei brukte til å tørke olje med, silkenoilen likna mistenkeleg på slik "twist", berre litt meir gulaktig på farge.
I følgje merkelappen så skulle silkenoilen vere karda, det såg ikkje slik ut etter mitt syn, så eg fram med kardene og i gong med å karde silken på nytt.



Så var det å spinne fiber til tråd...... eit vanskeleg prosjekt, skulle det vise seg. Ikkje før var rokken i gong så slitna tråden, så var det å tre enden gjennom auget på rokken og begynne på nytt, men då hadde tråden , som verka fast og sterk før eg drog han gjennom auget, vorte forvandla til laust fiber som slitna mellom fingrane på meg. Klumpete og ujamn som berre det vart tråden, og med ein del rusk og rask frå før avliminga av puppene. Det kunne vere freistande å gi opp heile silketrådprosjektet, men etter å ha fått nokre meter på spolen så tvinna eg silketråden saman med merinoull frå Leine i Gudbrandsdalen, og meleringa i denne tråden vart så fin at eg måtte berre lage nok tråd til å kunne strikke noko av han.

Spinneprosjektet har teke meg over ein månad, nesten så det har gått på sjølvtilliten laust:) Eg har sukka og skjent, rista på hovudet og gått frå rokken i fullt sinne, men eg har ikkje gitt opp!Endeleg kom den medfødde staheita meg til nytte, seier systra mi.
Det høyrer med til historia at silkenoil eigentleg er tenkt brukt som effekt når ein vil lage spesiell tråd..., lurt å lese nøye før ein går til innkjøp:)



No står vasking og tørking for tur, men det hastar ikkje, eg veit nemleg ikkje kva eg skal strikke av dei omlag 500 metrane enno.......

8 kommentarer:

  1. Trøste bære meg for ei tolmodigheit....eller staheit om du vil..........stadig like imponert, eg.........men når resultatet vert godt, so........
    God sundag i vente!

    SvarSlett
  2. Jøje meg for en jobb!
    Men du får sikkert et flott garn til slutt.

    Gjør noe artig idag og kos deg;) Klem;)

    SvarSlett
  3. Imponerande, det har vore litt av ein jobb! Og så fint garn det vart då! Det blir kjekt å strikka noko av dette. Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett
  4. Ja, bra resultat vart det, men gla ej ikkje va i hus med dej når det sto på som verst ;o)

    SvarSlett
  5. Æ må no bare applaudere!
    Du e ei staut kjerring, sei no æ, ja! Tænke sæ tel, slite som en tosk meter ætte meter med silke som ikke tåle stort!
    Mæn ho Strikkebæsta e sta og gjer sæ ikke!
    Sko tru du va fødd med saltsjøen gyvanes oppætter dørkarman!
    Klæm!

    SvarSlett
  6. Du store all verden! Har du litt tålmodighet å selge? Du må da være over gjennomsnittet utrustet med sånt;) Nydelig garn. Gratulerer med flott resultat.

    SvarSlett
  7. Dette var imponerende. Håper du finner et flott prosjekt å bruke det til. Det fortjener både du og garnet.

    SvarSlett
  8. Beundringsverdig jobb du har gjort her. Det er virkelig TUNGT å bruke håndkarder.
    Tusen takk for awarden du ga bloggen min :)

    SvarSlett