mandag 5. april 2010

Ønskje

No må eg ile til med ABC-innlegget for denne veka! Nest siste bokstav i runda, og eg heng så vidt med enno:)

Ordet eg har valt i dag kan etter nynorske rettskrivingsreglar skrivast med y eller ø fyrst i ordet. Sidan ø-utgåva ligg nærast til dialekta mi, og sidan eg treng eit ord som startar med ø, vel eg denne utgåva.


Fint ord, ønskje!
Det ligg så mykje positivt i ordet; håp, forventning og framtidstru, enten ein ønskjer noko for sjølv eller for andre.

Vi har vore bortreiste nokre dagar, på besøk hos svigerinna mi i Sverige, ho fekk oppfylt ein ønskjedraum då ho fekk sjansen til å kjøpe det nydelege huset sitt:

Medan vi var på besøk der feira vi dobbel fødselsdag, sidan ho hadde dag onsdag og mellomste jenta vår, Marte hadde dag laurdag. Då ønskte vi dei sjølvsagt til lukke med dagane.

For oss besteforeldra vart det ei ønskjepåske sidan vi fekk låne med oss Mateo og Oliver og på den måten fekk sjansen til å vere saman med dei tre minste borneborna våre desse dagane.

Borneborna fekk oppfylt ønskjet sitt om å få treffast og leike saman, det gjekk i isknusing på den vesle innsjøen nedanfor huset

- og grilling ute

- og måling av både påskeegg, av forskjellige slag, og seg sjølve:)

- og filmsjåing inne.

No når vi er vel heime igjen, ønskjer eg svigerinna mi nokre fredelege dagar etter alt ståket, eg ønskjer Marte og familien hennar lukke til med den nært føreståande fødselen,og til alle som les innlegget ønskjer eg vel overstått påske:)

8 kommentarer:

  1. Det var mange gode ønskje på ein gong. Fine og koselege bilete du la ut... Ser ut til at fødselen er ganske nær. Eg ønskjer Marte og familien alt godt med den vesle som kjem. Dessutan vil eg også skrive ønskje med ynskje, for det ligg meg nærare. Ynskjer deg ei god arbeidsveke, gode Kristin!

    SvarSlett
  2. Det var et fint og personlig innlegg:)
    Påsken din har vært fin, fortår jeg!!
    Hva mer kan en ønske seg??

    SvarSlett
  3. Kjempefine bilder og ønskesnakk, som også va sentralt i manga av samtalene dinne påska - disse minna kan vi leve lenge på :o)

    SvarSlett
  4. Virkelig fine bilder og god tekst! Det ser ut som du har hatt en ønskepåske. Heldig er du (og jeg) som har barn og barnebarn!
    Ha en god dag!

    SvarSlett
  5. Heisann!
    Det virker som om du har hatt en trivellig påske.
    Ønkser deg alt godt for dagene som kommer, de skal visst likne mye på sommer ;:OD)

    SvarSlett
  6. fint at noen har hatt utevær i påsken;O) fint innlegg ..ha en fin uke .

    SvarSlett
  7. Utruleg kjekt å lese om din internasjonale familie. Det ser ut til at de har hatt ein flott påske, både ute og inne. Det har vi også hatt. Ha ei riktig god helg!

    SvarSlett
  8. Takk for et kjempekjekt besök. Strikkebesta er en av dei beste svigerinnene ein kan ha, og familien hennar er også gode å ha på besök.

    Hilsen svigerinna i Sverige!

    SvarSlett