lørdag 11. september 2010

V -vestido

Eg er glad i fargar og bruker ofte fargeglade kle,  å oppdage det spanske klesmerket desigual var derfor ei stor fryd! Ikkje berre er plagga fargerike, dei er også rikt dekorerte med applikasjonar og broderi.

desigual2page

I fjor sommar fann eg ein heil butikk i Vigo berre med desigual-kle, då vart det handla, både til jente-borneborna og til meg sjølv:)

Eg valde meg ut mellom anna ein kjole som har mest raudt og grønt i seg, og eg har vore veldig fornøgd med den. Etter kvart har eg sett at desigual har dukka opp fleire plassar her i landet, men prisen har vore litt høgare enn i Spania, så det har vorte mest kikking og litt prøving, heilt til sommarsalget tok av, då fann eg meg ein ny desigualkjole til 257 kr, gjett om det var ei fornøgd Strikkebesta som gjekk ut av butikken Bizarre då:)

Kva har så kjolepraten min i ABC-leiken å gjere under bokstaven v? (klikk på koplinga så finn du fleire v-innlegg)

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

Jo, eg har temaet spanske substantiv denne runda – og kjole på spansk er vestido.

Mira! Mis dos vestidos de desigual!

desigual1page

Elles har eg gleda av å melde at Steve I Nakken no har innteke Strikkebesta-heimen etter at eg var så heldig å bli trekt ut som vinnar hos gunknitter:)

Alle han har møtt på hittil er fullstendigVestidos og SteveIN 012

sjarmerte av det herlege oppsynet hans:) Tusen takk, gunknitter!
No må han få litt tid til å akklimatisere seg her hos oss, så kan det hende at det etter kvart kjem eit brev om livet etter at han flytta heimanfrå……..

11 kommentarer:

  1. Bildet headeren var artig, og ikke minst sporty. Nytt?
    Økonomien er ikke helt i pari for tida, så klesbutikker får være i fred, men må vel sjekke Desigual likevel...

    SvarSlett
  2. Gratulerer med nytt familiemedlem:D
    Nydelige kjoler du viser, har aldri hørt om merket, men liker selv slike plagg som vises!
    Nyt helga og klem fra meg;)

    SvarSlett
  3. Hei ! Du, det bildet av deg i kajakken var supert ! Eg kan levande forestille meg at du er glad i å kle deg fargerikt, for eg har inntrykk av at du er ei livsglad og fargerik dame :) Kjolane dine er skikkelig herlige !! Flott V-innlegg !

    Kjekt at Steve er blitt så godt motteken. Han er då så snill ! Sikker på at han ikkje lager noke bråk han der !

    SvarSlett
  4. Nydelig vestido og bilder.
    Spennende det du forteller..

    GOD HELG

    hilsen
    http://toraamusic.blogspot.com/

    SvarSlett
  5. Flotte farverige kjoler - godt v-valg... :-)

    SvarSlett
  6. For ein tøff type du har fått i hus..

    Ha ei flott helg.

    SvarSlett
  7. Herlig at du vant den fyren!
    Jeg er så heldig at jeg har fått en gave Gunknitter også som det nok kommer innlegg på bloggen med en av dagene!!

    Flott valg av V!

    SvarSlett
  8. Herlige kjoler med herlige farger ! Steve I Nakken er en heldig fyr som har kommet til strikkebesta ! Ha en flott kveld!! Klem!

    SvarSlett
  9. Det er alltid so kjekt å kike innom bloggen din. Likte veldig godt framsidebildet ditt! Kjolen er berre lekker, so eg kan tenkje meg at du stortrivst i den. Godnatt og klem frå meg.

    SvarSlett
  10. Hei:0)
    Ser at det har gått strålande flott med det du hadde som mål å læra deg i sommar... ; kajakkpadling! Det der hadde eg ikkje våga meg på for å vera heilt ærleg...
    Gratulerar med tøffe Steven, ein usedvanleg kjekk kar spør du meg *blunk* Vil gjerne høyra korleis det går med han i sin nye heim.

    Ang.hønene du lika på bloggen min så har eg ikkje noko mønster... men eg tegna dei av frå ei bok hjå ei venninne. Ho hadde kjøpt boka gjennom hobbybokklubben og den heiter Vårgleder. Kanskje du finn den på biblioteket? (forsto det slik at den var nokså ny) Hønene vart store og flotte,og det var kjekt å sy dei.

    Ha ein fin haustdag vidare:0)

    SvarSlett
  11. Heisann!

    Der sa du noe.... Jeg nevnte for herren i huset,da jeg kasta nyeste kleskatalog at neste plagg skal jeg kjøpe i ferien... egentlig burde ett plagg ut når ett kommer inn, men den regelen klarer jeg ikke å holde... er ikke meg å kaste fullt brukbare klær .. og noe nytt vil man jo gjerne ha litt innimellom... Ferien, ja, den går til et spansktalende sted - sikkert med butikk som selger desigualklær.
    Vi får se hva det blir til... kanskje en vestido...fantasirike kreatsjoner er i det i alle fall!
    Ha go' hælj!

    SvarSlett