onsdag 17. november 2010

Ferie i november

Det er godt at vi ikkje ser på veret som den viktigaste faktoren når vi skal vurdere om ferien var vellukka eller ikkje.
Vi hadde kanskje ikkje lagt turen til nordiske strøk i november om det var avgjerande.
Andre faktorar er viktigare, som
- å få stikke innom Rauma ullvare sitt fabrikkutsalg på Veblungsnes:)

strikkelykkepage

- å reise via Sverige og besøke Inger – igjen:)

Flognedpage

Der prøvde vi oss mellom anna på innovativ gjenbruk av femtitalskåpe, kven er stiligast?

inovativgjenbrukpage

-Å ta ein morgontur i Odense og få nærkontakt med ei kråke framfor kongens slott

kongensslottpage

- Å sjå kor godt danskane legg til rette for syklistar –  med sykkelpumpe plassert strategiske til i gatene!

- og å sjå H.C.Andersen-huset

HCAndersenhuset2page

- Å kome til Oslo og få møte desse sjarmtrolla:)

besøkpage

- Å ta med Marylin til sentrum og gå på tapasrestaurant saman med oslostudenten og tanteguten min, John:)

Paratapearpage

- å ta ein hybelsjekk og forsikre meg om at vesleguten min har det greitt..

Eg synest han har ein fornem plass å henge opp kjelken sin medan han ventar på kjelkeføre:)

Hybelsjekkpage

Og så fekk eg tova og levert dei fem vottepara eg strikka dei timane vi sat i bilen mellom dei ulike reisemåla:) Vottane skal seljast på julemarkedet til Marylin sin barnehage i starten av desember.

8 kommentarer:

  1. Inte är vädret det viktigaste, upplevelserna står ju på kö här. Möta nära och kära är minst lika viktig. Men den garnaffären, vilken drömpalett du visar, älskar såna färgglada hyllor. Dina vantar är fina och glada dom också :)
    .. jag har en kälke i taket, kälke i taket.. varför inte, kan andra ha grävlingar så..

    SvarSlett
  2. Takk for hyggelig kommentar! Så du også "ei sånn dame" som liker farger o.l .... *hihi* Kanskje vi kunne ha kikka i hverandres klesskap ;-)

    Ser ut til dere har hatt en flott og innholdsrik ferietur! Synes det var særs kreativt med kjelken i taket! Den gamle kåpa fra 50-tallet passer dere begge, synes jeg. Kanskje du har en fordomsfri mann som ville ha gått i den? Min mann ville garantert ikke!

    SvarSlett
  3. Å, dette var vel ein bortimot perfekt ferietur! Så mykje morsomt i løpet av nokre få dagar:) Herlige borneborn, eg forstår godt at du vil besøke dei!!

    SvarSlett
  4. Ser ut som en flott ferietur:)

    SvarSlett
  5. Du verden kva de har fått ut av den turen,går vel godt an å reise på denne tid av året.

    SvarSlett
  6. Hei ! Ser ut til å ha ein flott og innhaldsrik novembertur ! Fine bilder og dokke begge var fine i femtitalskåper, men eg er svært svak for hattar, så eg trur nok du vant denne gangen :)

    Ønsker deg ein fin novembertorsdag og håper det ikkje er for glatt ute hos deg. Her hos meg kan vi like godt ta fram "skjæssene" !

    SvarSlett
  7. Takk for at du deler turen med oss! Og herlige barnebarn er det bestandig en lykke å besøke!
    Klem!

    SvarSlett
  8. Så koselig reisebrev. Synes du alltid rekk så utruleg mykje på kort tid..

    Ha ei fin helg.

    SvarSlett