fredag 31. desember 2010

Ordhalden

- eit gammalt ord som er på veg ut av språket:) Men akkurat ordhalden er det eg skal vere no.

I familien vår har det vorte slik at dersom eg kjem viftande med kameraet så spør alle, både dei næraste  og dei meir perifere slektningane, om eg skal blogge no igjen. Eg er slett ikkje den einaste som har blogg, men det er eg som får gjennomgå mest for denne “rare” hobbien.

I sommar var det bryllaup og det var i samband med dette eg gjorde ein lovnad, nemleg å blogge det flotte slipset til den enda finare tanteguten min. Men trur du eg har gjort det då? Andre juledag var slekta samla igjen, då minte han meg på forpliktinga mi og eg lovde at slipset skulle bli lagt ut på bloggen før året er omme. Dermed hastar det om eg skal vere ordhalden, så Karsten: Her er nærbilete av både deg og slipset:)

Når eg først er inne på forpliktingar: Eg fekk eit brev i dag, ei oppsummering av året sett frå Sos-barnebyen i Kandalaksha i Russland. Interessant lesnad og ein grei måte å forplikte seg på:)

Brev frå Kandalaksha 005

Så kanskje dette skal bli nyttårsoppfordringa mi – om du ikkje alt er engasjert som fadder, så prøv Sos barnebyer:)

2 kommentarer:

  1. Flott og spesielt slips og ikke minst flott gutt.

    Nå når du har god samvittighet, kan du avslutte 2010 på en god måte i kveld :) Kos deg. Vi blogges på nyåreet.

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koslege kommentarar på bloggen i løpet av året som har gått!

    Så kjekt at du støttar SOS-barnebyar sitt prosjekt i Russland! Russland har alltid stått mitt hjarte nær og eg har gjennom fleire år støtta Røde Kors sine "suppestasjonar" i Nord-Russland. Dei riggar opp små "landsbyar" og gir husly og mat til born og unge som treng det. Kjempeflott og svært viktig arbeid!

    Godt nyttår til deg og alle dine! Det er varsla dårleg vèr, så vi gler oss til ein kveld i ro og fred innomhus!

    Varm klem frå meg

    SvarSlett