søndag 6. november 2011

Strikkar Strikkebesta?

Jada, stadig vekk, men eg har ikkje vore særleg flink til å oppdatere, lufta har liksom gått heil ut av ballongen når det gjeld å sette seg ned og lage blogg-innlegg.
Kva grunnen til det kan vere er ikkje så lett å svare på, men litt blading i blogge-bøkene mine ga inspirasjon, så no skal du sjå kva eg har pusla med i det siste:

Eit nytt trekantsjal –Aka nightingale, gratis oppskrift på Ravelry. Eg valde svart Tynn alpakka.




Michael har fått to nye barnehage-genserar, ein Kjekkasgensar strikka i dobbel Smart.(Oppskrift på Pickles.) 
Den vart veldig tjukk og hard, men tøff! Passar godt til å herje ute i haustlauvet i:)


Oktober -11 004


Flettegensaren som eg begynte på i mai er også ferdig – kjole, seier mamma hans, kjempefin, sier Besta:)




Så fekk eg lyst til strikke Kerrtu-sokkar igjen, fire par har det vorte hittil, her er bilete av tre av dei:November-11 015


No er det under ein månad til det skal vere julemarknad i Steinerbarnehagen til M og M, så salsobjekt til den er det som står for tur hos meg. I år satsar eg på tjukkelestar med rullekant, greie å strikke og varme og gode å ha på.

November-11 019

Koseleg å strikke i mørketida med lys på bordet og te i koppen:)

November-11 009

8 kommentarer:

  1. Hei!
    Har hatt ein periode. eg òg, der det har vore forferdeleg vanskeleg å blogge.
    Veit ikkje heilt om den er over endå.......
    Men strikka har du iallfall gjort....masse!
    God veke i vente!

    SvarSlett
  2. Så stor og fin produksjon! Jeg har heller ikke blogget så mye, men jeg har strikket...
    Og så fin bloggtopp! Nydelig porselensblomst!

    SvarSlett
  3. Så produktiv du er! Og du - hvor finner jeg oppskriften til de sokkene?
    Hilsen Anne Britt (googlekontoen vil ikke...)

    SvarSlett
  4. Det var et nydelig sjal! Flott bladmønster.

    SvarSlett
  5. Som vanlig fine ting fra din produksjon!
    Ha en finfin dag!

    SvarSlett
  6. Hvilken go'gutt! Helt nydelig, både han og genserne :)

    SvarSlett
  7. Du verden for en produksjon. Flotte gensere og det sjalet så herlig ut.
    For ikke å snakke om den skjønne prinsen.

    SvarSlett
  8. Heisann:)
    Dette var artig!!!Sat der på loftet og snakka om
    akkurat kven som har budd der før:)Eldstejenta mi på 12,var ganske bestemt på ar der ville ho bu når ho vart vaksen. Kjempekoseleg med mange små rom og kott...

    Har kosa meg gjennom fleire innlegg her på bloggen din no.Mykje vakkert å sjå og lese om:)Og skjønne guten her da med dei flotte genserane!!! Flink du er å strikke♥

    Ønsker deg ei god helg og ei fin førjulstid!!!
    Klem frå Mette.

    SvarSlett