søndag 11. mars 2012

Eksotisk i Ulstein

Her eine dagen gjorde kollegaen min meg merksam på ein noko eksotisk vekst ikkje langt frå heimen min.
I dag, på tur i regnveret, kunne eg ta denne veksten i augnesyn sjølv også. Mobilbileta er nok ikkje av beste kvalitet, men det er likevel muleg å sjå kva plante det er:

010

Tenkje seg til at midt mellom vintergult gras og ei traust furu står det ei palme og lyser!
Med mildveret og alt regnet vi har hatt i det siste kan ein begynne å lure på om klimaendringane har gjort Ulstein til eit subtropisk område….

013

Men vent litt…. eg kan vel ikkje påstå at palma har sett frø og vakse til heilt av seg sjølv, for ved nærare ettersyn skimtar vi ein lapp med artsnamn på heilt nede ved jorda.



Dermed er det nok ikkje naturen som held ap med oss, men heller ein spøkefugl av eit anna kaliber.
Men litt eksotisk er det uansett med ei palme nede i svingen:)

015

4 kommentarer:

  1. Du bor jo på en frodig plass så palmen klarer seg vel hvis den har flaks. Skjønner at det har regnet mye på dine kanter og at våren er i anmarsj. Her snør det, - og vi går på ski.

    Når det gjelder laging av fiskemat, har jeg erfart at god oppskrift (svigermors) og food processor er et "must". Pluss fredgangsmåten. Gi beskjed hvis du trenger oppskrifta.

    Ha en fin dag!

    SvarSlett
  2. Hehe Noen lengter etter varmere tider :-)

    SvarSlett
  3. Spøkefugl eller ikkje...
    Med litt stell kan denne palma bli ein stor "turist-spøk" for Ulstein..

    SvarSlett
  4. Må berre sjekke korleis det er å poste kommentarar hos meg

    SvarSlett