søndag 11. mars 2012

Styrken i vatnet

Natt til fredag, ja stort sett heile dagen også, regna det her hos oss.
Sidan eg bruker sykkel fekk eg meg ein skikkeleg dusj på veg til jobb, som i eit moderne dusjkabinett med dyser både ovanfrå og nedanfrå. Slik kjendest det i alle fall ut på dei stadane der veggrøfta ikkje klarde å svelgje unna vatnet så heile vegbana var overfløymd:)
Men ein varm dusj og tørre klede gjer slike opplevingar til krydder i kvardagen.
Etter jobb vart eg møtt av dette imponerande synet då eg kom heim ut på ettermiddagen:


Vegen 006

Regnvatnet hadde danna ei djup grøft på sida av vegen rett nedanfor huset vårt, og midt i vegbana ei smal fure, djup nok til å skade ein bil om eine hjulet skulle kome nedi.

Vegen 003

Eg er glad eg syklar, tenkte eg, for då treng eg ikkje så stor plass i breidda:) – men så kom eg på at minstebarnet hadde køyrt avgarde med bilen min …….
Kva om ho landa i fura midt i vegen?

Vegen 004

Kanskje ikkje så lett å sjå, men det er bra djupt.
Etter at eg var komen inn for døra heime hadde eg så mykje anna å styre med at eg gløymde å bekymre meg – og det var like greitt, frøkena er nok flinkare til å manøvrere bilen enn eg trur så det har gått heilt fint.
Slik var det fredag, og slik er det enno, effekten av herjingane til vatnet får vere i fred for kommunale instansar.
Bileta er tekne i dag, ikkje på fredag, så no er eg spent på kor lenge det går før kommunevegen blir fiksa så han igjen blir i farbar stand…..

1 kommentar:

  1. Detta med veg som vert ødelagd av store nedbørsmengder veit eg, om ikkje alt, so ganske mykje om.....
    Den ganske bratte bakken frå hovudvegen og opp til huset vårt er ca 400 meter, og den er privat.
    Og nokon gonger for året er det slik du beskriver her......men det er lite å gjere med (anna enn å fikse den).
    Det har foresten gått bra ei heil stund no :):)

    SvarSlett