søndag 30. desember 2012

Bloggeåret

Det har unekteleg vore eit magert år for bloggen min, ikkje det at eg har mangla tema, nei, eg har mangla lyst og evne til å sette meg ned og skrive. Fotograferinga har også gått i stå, ikkje for at eg manglar utstyr eller motiv, eg manglar interesse for å sette meg inn i korleis det flotte kameraet mitt verkar.

I morgon er siste dagen i året, eg har sjansen til å skrive eitt innlegg til før årets bok skal i printen, mannen min påstår at denne boka kjem til å bestå berre av omslagssidene, og han har nesten rett.
Men etter i morgon kjem eit nytt år – og då kan eg kanskje få igjen inspirasjonen og skrivelysta slik at eg om eit år kan sende ei bok med mange sider til trykking:), eg kan I alle fall leve i trua ei stund.
Kva er det eg ikkje har skrive om dette året då?

Borneborna! Eg treff dei ganske ofte, dei som bur i nærleiken er stort sett innom ein gong i veka, kjekke karar som fortener større plass i bloggen min, dei veks så fort til at eg må bli flinkare å ta vare på dei stundene vi får saman. Dei som bur lenger unna ser eg ikkje så ofte, men eg besøkjer dei frå tid til anna, og dei kjem til oss i feriane. I november var eg saman med dei i to veker medan mammaen var på jobbreise, men det vart ingen bloggeinnlegg frå dei vekene heller, trass i alle dei kjekke stundene vi hadde.


bilde
047
Jula -12 068Jula -12 059

Strikkinga! Eg har alltid minst eitt strikkeprodukt på pinnane, det har vorte produsert ein del plagg i år, sjolv om berre eit fåtal har vorte publiserte på bloggen. Minstejenta har fått tre nye gensarar, ein av dei er omtala her, eg har utvida garderoben med to gensarar og to jakker, ei jakke vart  det blogginnlegg om, resten er ikkje nemnt. Tre av dei siste produkta ligg opprasta på stovebordet akkurat no, ein gensar til ei tantejenta som fylte år i romjula, ein “islendar” til Mateo, og ei “henge-på-kontorstolen-jakke” til meg sjølv. Sistnemnde vart det strikka tre av, dei to storejentene mine fekk kvar si også:)
Jula -12 087

Naturen! Eg bur midt i naturen, har hav og himmel kloss på, fotomotiv kvar eg vender auget, men tek eg med kamera når eg går tur? Nei, det er så stort og ruvande, det får bli att heime.
IMG_8366

Livet! Eg lever det no, opplevingar som står i kø, men dei kjem ikkje med her. Ei mor som eldest, som plagast meir og meir med sjukdom, kor lenge får vi ha henne blant oss, tru? Ho fyller 90 år I februar, om ho får leve.  Ho har fortalt meg mykje som eg kunne ha skrive om i bloggen min. Kanskje neste år?
Sommar 2012 240

4 kommentarer:

  1. Kjære strikkebesta! Det er hyggelig å titte innom bloggen din på tampen av året. Du vet, jeg har hjertet mitt i ditt fylke, og jeg tror du bør ta kameraet med ut! Jeg tror man blir "blind" på en måte når man bor så vakkert til, for det selvfølgelige kan i blant bli vanskelig å se. Hvis du skjønner hva jeg mener. Heldige du som har så mange vakre barnebarn og heldige du som kan strikke. Jeg strever med håndarbeider for tiden. Fikk strikket ferdig en genser og en lue til mitt sist ankomne grandtantebarn, men jeg får det ikke til som før. Nå prøver jeg å hekle meg en genser i stedet, det burde være litt enklere. Håper du kommer sterkt igjen som blogger neste år! Så vil jeg ønske deg og dine et riktig godt år!

    SvarSlett
  2. Ønsker deg og dine et riktig godt nytt år:)
    Klem fra Elise

    SvarSlett
  3. Stikker innom som snarast for å ønske deg eit Godt Nytt År ! klem

    SvarSlett