onsdag 6. februar 2013

Den kjære, gode mora mi fyller nitti år i dag

Vi har feira henne så godt det let seg gjere når forma ikkje er på topp. I november var ho så uheldig å bryte lårhalsen, ei veke seinare måtte ho gjennom ein ny stor operasjon grunna hol i tolvfingertarmen. Sidan då har ho vore skral, matlysta er heilt fråverande, og ho har vorte slapp og svak. Men ho er oppe ei stund dei fleste dagane, og i dag orka ho å vere saman med born, svigerborn pluss tre svigerinner og delta i middagen vi hadde til ære for henne.

90-årsdag 010

Ho ville tilbake til senga før vi fekk tid til å drikke kaffi, men eg var innom og sa hadet før eg for heim, og då sa ho at ho var godt fornøgd med dagen sin.

90-årsdag 008

90-årsdag 009

90-årsdag 011

Mange ville gratulere henne med dagen, ho har fått eit hav av fine blomar og andre gåver, det er tydelegvis stas for mange at ho har nådd ein så høg alder:)

90-årsdag 047     90-årsdag 046    90-årsdag 044

90-årsdag 041    90-årsdag 050    90-årsdag 038

Mor er tvilling, desverre fekk ho ikkje behalde tvillingsystra si heile livet, ho døydde for åtte månader sidan. Dette er vanskeleg for mor å ta inn over seg, derfor spør ho etter henne nesten kvar gong eg er på besøk.

90-årsdag 045

For to år sidan var mor og eg innom til tante Janny på fødselsdagen deira, det var eigentleg siste gongen dei kunne sitje ved sidan av kvarandre og snakke om alt dei har hatt av felles opplevingar gjennom eit langt liv.

Tvillingsjal 017_thumb[1]

90-årsdag 057     90-årsdag 058

8 kommentarer:

  1. Tenk 90 år! Står respekt av ein såg høg alder.
    Gratulere til den flotte mora di :-)

    SvarSlett
  2. Så fint å lese ei sein kveldsstund! Ei flott gammal dame og nydelege blomar! Du er heldig som har mor di. Sikkert ein fin dag for dykk alle.

    Helsing Ingunn

    SvarSlett
  3. So fint innlegg!
    Gratulera med dagen til mora di.
    Mor mi gjekk bort når ho var 85, svigermor (som eg har besøkt på sjukeheimen i dag), var 90 i september.

    SvarSlett
  4. Så fin dame! Blomster og hilsener er nok vel fortjent. Min mor ble 94. Vi er heldige som får beholde dem så lenge.

    SvarSlett
  5. Ja no har eg sittet her og lest om den flotte og fantastiske mora di! Eg vart så varm om hjertet (som mamma brukte å sei)da eg såg bilde av ho og forsyne meg ho Judit... Så koseligt. Mange tanker surra rundt da eg såg bilde fra sjukeheimen også.... Klem til deg Kristin og gratulerer med mammaen.Du er jammen heldig som har fått lov å ha ho så lenge.

    SvarSlett
  6. Gratulerer så mye med overstått til din flotte mor!
    Ikke så greit når brudd og sykdom rammer.
    Min mor var mye syk for et år siden. Blødende magesår på tolvfingertarmen og blodpropp på begge lungene. Det verste var at hun gikk så lenge før hun fikk noen diagnose. Hun har omtrent mistet alt syn, så legen avskrev alle smerter og pusteproblemer med at det var psykisk :(
    Men nå er hun i fin form. Min far har nedsatt hørsel, men sammen klarer de seg flott!
    Klem fra Turid;)

    SvarSlett
  7. Vel overstått stor dag i familien! Ikke alltid like lett å bli gammel, men hun satte nok pris på selskapet dere lagde for henne og dere.
    Min mor blir 85 i år, og idag har vi vært på handlerunde, men de blir kortere for hver gang;)
    Nyt februar videre, klem;)

    SvarSlett
  8. Gratulerer med dagen. Så heldig dere er som får ha hverandre i så mange år. Så hyggelig ut;-))

    SvarSlett