søndag 15. januar 2017

Juhu, vevinga er i gong!

Snakk om mange prosessar før ein kan setje seg til veven og begynne å lage stoff!
No har eg vore gjennom alle prosessane, og utan læremeister Linda hadde eg aldri klart det!
Ho er ein dyktig pedagog og ho kan vevefaget. No har ho leia meg gjennom heile gangen i å setje opp ein vev, ho har passa på meg så eg ikkje skulle gjere noko feil, og kvar gong eg har bomma og gjort nokre grove missar har ho jammen klart å rette opp i det også.

Eg fekk sjølv bestemme kva eg ville starte med, ingen restriksjonar, her var det berre å velje frå øvste hylle, så eg landa på ein løpar med striper i renninga og einsfarga innslag. Sidan det er mitt fyrste forsøk valde vi ei ganske kort renning, 4,60 m. Breidda på løparen og tjukkleiken på tråden avgjer kor mange renningstrådar ein treng og alt når ein renner legg ein trådane i den rekkefylgja dei skal vere i den ferdige løparen. Ein lagar renningsflette når ein tek renninga av rennebommen.

Neste steg er å tre renninga inn i skeia for så overføre den på trådbommen på vevstolen. Når det er gjort, og krysset er flytta bakover ved hjelp av skiljepinnane, dreg ein renninga ut av skeia for at kvar enkelt tråd skal kunne treast gjennom kvar sin hovel.



Ein hovlar etter eit bestemt mønster alt etter korleis strukturen i det ferdige stoffet skal vere. Her må ein vere pinleg nøyaktig for at mønsteret i veven skal verte rett. (Eg gjorde eit par feil her, men Linda fekk orden på det.)




Så skal skeia treast på nytt, det er vanleg å tre to trådar i kvar tind, men sidan eg har ei grovtinda skei tredde vi fire trådar pr. tind.



Deretter var det framknyting og nedknyting, også dette etter eit bestemt system.


Eg har lært mange nye omgrep og ord, og fått prøvt ut alt i praksis. Desutan har eg  har erfart kor nyttig det er å ha nye moderne texsolv-tau i staden for gammaldagse tau.



Når knytinga var unnagjort  - og dei siste feila retta - var det berre å begynne å veve.  Linda var spent på korleis den gamle vevstolen til tante Åshild ville fungere, den har stått ubrukt i fleire tiår, men eg trur ho godkjende den.

Sjølve vevinga er såre enkel samanlikna med alt arbeidet på førehand, og stoffet veks raskt fram under hendene mine, men eg merkar at det krevst konsentrasjon og handelag for å få ein jamn vevnad og ein fin jarekant. Det  er skikkeleg fasinerande å sjå når mønsteret kjem fram, akkurat slik det skal vere, og det som ikkje er heilt jamnt og fint no i starten blir nok betre med tida, vil eg tru.




No skal eg i alle fall kose meg med dei fire metrane eg har begynt på.

2 kommentarer:

  1. Wow! Dette ser kjekt ut. Men litt av et arbeid. Nydelige farger og lykke til med de 4 meterne! ;)
    Turid

    SvarSlett
  2. Veving fantastisk... den grunnleggende rammverket er å skape vanskelig, men hvis alle tråder er strukket, er det bare fantastisk... veving :-))) jeg liker.
    Jeg en gang tok et veving-kurs (stor hånd-vev) og hadde mye moro, dessverre er det ikke i nærheten av der jeg bor så jeg ikke kunne fortsette å lede veving :-(
    Super ser ut din mønster og fargene. Ha masse glede fortsatt.
    Hilsen til deg og Moro og Romsdal Viola

    SvarSlett