at det ikkje er fint med skodde?
Rett nok blir det vakrare når sola klarer å bryte gjennom….
Og det går fint an å sole seg:)
Spreke jenter – høgt til fjells:)
at det ikkje er fint med skodde?
Rett nok blir det vakrare når sola klarer å bryte gjennom….
Og det går fint an å sole seg:)
Spreke jenter – høgt til fjells:)
Sjøborg 10.06.2011: Ole Børud band og Ulstein kulturskule / Stiletten danseklubb. Minstejenta i aksjon:)
å få gå seg ein fjelltur i solskinet og kunne kikke rett ned på barndomsheimen
-og like heim til der eg no held til:)
Då fann vi eit passande høve til å ta turen til
Det skal visst vere temmeleg spektakulært i skikkeleg vêr.
No vart det berre liten kuling, på Måløybrua viste vindmålarskjermen 14 – 16 m /sek, men litt skumma det i alle fall.
Eg veit ingen som er meir fascinert av energien i bølgjene enn mannen min, så han kosa seg i alle fall, sjølv om draumen er å få vere der i full orkan:)
Kråkenes er no omgjort til ein eksklusiv overnattingsstad med tilbod om guida tur og massasje, berre du betalar godt nok.
Ein kan få overnatte både i sjølve fyret
og i stormhuset, nokre meter lenger inne på trygg grunn
Vi tok til takke med å vere utandørs, denne gongen, så får vi sjå om vi skal slå til med eit luksusopphald, ein gong når vi kan vere sikre på at metereologane får rett når dei melder full storm med orkan i kasta…..
Eg må ha med eit bilete av Stadtlandet også, sett frå fyret på Kråkenes.
men i dag vart det endeleg tur til Hasundhornet igjen:)
Frisk vind, men mildt, herleg!
Godt å få oppleve denne utsikta igjen!
Og molteplanta står i blomst:)
Sist fredag skulle vi på biltur – vi skulle langt av stad. Mannen min er glad i å køyre bil, så eg sit ikkje bak rattet utan at han blir trøytt. Derfor bruker eg tida til strikking. No er eg i gong med lestar med eit kronglete mønster som ikkje eignar seg under fart, så i siste liten sprang eg inn på ein trådbutikk og fekk med meg nokre buntar Drops Merino extra fine og ein rundpinne.
Michael treng sikkert ein genser til han skal begynne i barnehage, tenkte eg. Etter å ha strikka ribbekanten begynte eg å fundere på korleis seg skulle komponere eit enkelt og greitt flettemønster.
Eg fann ein penn i veska og drodla i veg, talde og rekna, gonga og delte og hadde reine matematikktimen for meg sjølv. Både Ørskogfjellet og Tresfjorden var passert før eg visste ordet av det.
Mønsteret gjekk fint opp i masketalet eg hadde på pinnen og eg strikka fornøgd i veg.
Først då vi kom til Oslo og eg fekk sjå forrige flettastrikkprodukt til Michael, forstod eg at eg rett og slett gjentek meg sjølv! Kanskje eg bør utvide repertoaret ein smule?
Det er mangt som kan verte tradisjon – til dømes å tilbringe nasjonaldagen i bil på veg heim frå Oslo. Tilfeldigvis gjorde vi det, mannen min og eg både i fjor og i år. Ikkje så veldig spanande, kanskje, men på den andre sida, ganske kjekt å få små glimt av tradisjonell 17.mai-feiring mange stader i landet utan å sitje framfor tv-en.
Og Romsdalen i mai er eit reint eventyr!
Først hadde vi fine dagar i Sverige, med ein liten kikk innom stadskyrkan i Arvika som har 100 års jubileum i år. Ei kyrkje som framstod som svært moderne då ho var nybygd, og utsmykka av fleire lokale kunstnarar.
Å få eit lite innblikk i svensk “russefeiring” var også fint, der “tek dei studenten”, dei pyntar seg, går i prossesjon, blir feira av familien og får fine og praktiske gåver – og festar litt, men på ingen måte som sitt norske motstykke. Bilen er heller ikkje av dyraste slag, men utruleg sjarmerande – og sjå berre kor han står i stil til desigualkjolen min!
Å kome til Oslo for forseinka feiring av verdens herlegaste eittåring var stor stas:)
Men tenk, eg gløymde å ta bilete av den dekorative maten då vi gjekk ut for å ete sushi saman med studenten på måndag! Eg får skulde på at det smakte så godt at eg hadde ingen tanke for anna enn å ete…
Vi rakk både god 17.mai-frukost og å forevige Marte og ungane i finstasen før vi starta på heimveg:)