mandag 1. juni 2009

Ei helg i hundre

er vel den mest passande nemninga på denne helga for min del. Eldstejenta og mannen var inviterte i bryllaup og reiste avgarde til Geiranger fredag ettermiddag, dermed var det duka for barnebarn-helg her i huset. Eg fekk ei aldri så lita påminning om "farne tider" på fredag:
Det var gjenkjenning i det å haste frå jobb, svippe innom nærbutikken for å handle mjølk og litt mat, vidare inno
m to barnehagar og plukke opp Oliver og Mateo, for så å begynne på middagen.... reint nostalgisk var det! Og sjølvsagt ikkje nokon ein-to-tre-middag, nei, pannekaker er alltid på ønskelista når gutane skal ete middag her, mange pannekaker, og det måtte dei få, så klart. Med rabarbrasuppe til - noko som viste seg å vere viktigare for meg enn for gutane.

Når ein passar fire gutar på ein gong, må ein berre innsjå at det medfører ein del ståk og uorden. Det er ikkje alltid dei treng så mykje merksemd frå Besta, dei har selskap i kvarandre, dei to eldste finn på mykje kjekt i lag og dei to minste leikar saman det meste av tida, og innimellom er alle fire med på leiken. I staden for å ta del i aktivitetar saman med gutane, slik eg tenkjer eg skal gjere, blir eg meir som ein organisator som må sørge for mat og senger til alle, halde orden og oversikt over kle og sko og leiker, sjå til at leiken foregår i godkjende former, utan for mykje krangel, og passe på at dei søv når dei skal det og er vaken når dei skal det.
På føremiddag i dag drog dei fram hageslangen og
dusja kvarandre, det var kjempegøy, men ganske kaldt, så for å bli vame igjen fann dei ut at dei måtte pakke seg inn i pledd og ligge til tørk i sola.




På laurdagskvelden, då eg fekk stova for meg sjølv, og roa senka seg for ei stund, kom eg på noko eg hadde sett på ein blogg for ei stund sidan: Isoporhjerter frå Panduro som var dekt med ull ved hjelp av filtenål, dekorerte med mønster i fine fargar. Sidan påske har eg hatt ei naka vrihasselgrein som eg tenkte ville bli fin med slike hjerter. Men utan Panduro-avdeling i nærleiken blir det vanskeleg å skaffe seg isoporhjerter, mi løysing vart derfor å lage dei sjølv, i ull. Eg grønsåpe-tova dei, planen var å lage dei ganske små, men det er vanskeleg å berekne kor store dei blir, i alle fall blir alle ulike,

både i form og storleik,

og så dekorerte eg dei med filting i dag etter at dei hadde tørka skikkeleg.


Planen er å henge dei i greina etter tråd eller sen, men det spørs kva tid det blir....

4 kommentarer:

  1. Kan tenkje meg det, ja....at det er ståk i heimen med fire på besøk. I kveld skal me ha med fire av våre på konsert i Grieghallen...vert kjekt.
    Ang. det innlegget med Børge som spelte....ja, han er yngste son, nesten ferdig på vidaregåande og skal begynne på Musikkhøgskulen i august.
    Han er òg med i "Ung symfoni", og dei skal spele konsert i kveld. Difor tek me turen til by'n i kveld.
    Likte veldig godt dei ullhjerta...vert flott når du får dei på greina.......
    Ha ein fin dag!!!

    SvarSlett
  2. Så kjekt det må vere å ha så mange barnebarn på besøk. Vi går og ventar på eit som etter kalendaren skulle bli født i dag.Fine hjarte du har laga.

    SvarSlett
  3. Kor fine dei vart hjerta ;o)

    SvarSlett
  4. Takk for fine ord.
    Visdomsord/dikt har fulgt med meg oppigjennom livet.
    Jeg er avhengi av dem.
    Nå har min yngste datter forlatt redet til mor.
    Jeg føler sorg og letthet på samme tid. Da er det godt at noen har satt ord på sannheter for meg. De trøster og leder.
    Klem

    SvarSlett