torsdag 18. juni 2009

Ei rose for vennskapet:)

I dag gler eg meg over å kunne ta imot ei rose for vennskapet:) Dette vennskapet er eit resultat av blogging - er det ikkje fint å finne venner i dette landskapet? Sjølvsagt veit eg ikkje så mykje om Stubbetufsa som byr meg dette vennskapet, men treng eg å vite så mykje då? Er ikkje eit vennskap like mykje verdt uansett? Og byggjer ikkje eit vennskap på gjensidig respekt og gjenklang hos einannan?

Haldis Moren Vesaas skreiv kloke ord om vennskap:

ORD OVER GRIND

Du går fram til mi inste grind
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galt oss to.
Anten vi møttest titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil kome i blant
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

Takk til Stubbetufsa for awarden, den gjorde meg glad:)Og takk for at eg dermed fekk mulegheita til å strø litt roser vidare på andre sin veg: Villmarkstausa, Wigdis i Bestemors kosekrok, Nikoline på landet og Gamleheksa er dei eg har lyst til å gi ei ekstra oppmuntring i dag, håper de vil ta imot.... Til alle andre som ser innom deler eg gjerne ut nokre av flammentanz-rosene mine:)



6 kommentarer:

  1. Gratulerer med koselig award!
    Nydelig dikt om venskap, og nydelig illustret med vakre roser!

    SvarSlett
  2. Så flott innlegg du laget med denne awarden, strikkebesta!
    Klem!

    SvarSlett
  3. Så skjønt innlegg!!
    Klem, M
    Ps...nei, jeg var sikkert bare litt heldig på bilde....
    :D!!
    Jeg er iallefall litt mer "rembrandt" enn det ser ut, sitter nok litt foroverbøyd og skjuler mine kvinnelige former...
    ;D

    SvarSlett
  4. Tusen takk for award. Setter pris på at du leser/liker bloggen min. God sommer...KLEM

    SvarSlett
  5. Tusen hjarteleg takk for den fine awarden! Det er så kjekt at nokon set pris på bloggen,og spesielt kjekt at dei tenkjer nettopp på meg når dei skal dela ut ein award:0)
    Du hadde eit flott innlegg her!
    No nærmar det seg ferie og tur til sydlegare breiddegrader? Kan visst trenga litt varme i skrotten her også,med all denne sure nordatrekken me har hatt i vår/sommar!
    Riktig god helg,og igjen TUSEN TAKK!

    SvarSlett
  6. Tusen takk for at du ville dele denne awarden med meg. Jeg setter stor pris på det.
    For et nydelig dikt du har lagt ut til oss. Hun har skrevet mye vakkert, Haldis Moren Vesaas, og det rare med dikt er at det tar oss et skritt dypere i tankene.
    Da plukker jeg meg med en av rosene dine også og ønsker deg en flott midtsommerhelg.

    SvarSlett