lørdag 27. mars 2010

Æra i behold

Travle tider gjer at eg igjen er seint ute med ABC-innlegget mitt, der vi no er komne til bokstaven Æ, men eg vil gjennomføre heilt i mål, sjølv om eg ikkje får nokon tet-plass:)


Æresomgrepet kan variere frå kultur til kultur, frå land til land, frå person til person, men dei fleste kan vel einast om at "ein mann er ein mann og eit ord er eit ord".

Sidan eg visste at eg ikkje fekk sjansen til å vere med på det faste laurdag-formiddags-badet denne veka, utfordra eg kompisen til svigersonen min til å symje saman med meg seinare på dagen.
Denne karen, Davide frå Geneve, som tek påskeferien hos eldstejenta mi og familien hennar, har like store vanskar med å stå imot ei utfordring som eg sjølv.
Han jobbar som "baywatch" utandørs om sommaren og innandørs vinterstid, så han måtte vere akkurat den rette å få med seg, tenkte eg.
Og ikkje uventa svara han ja på utfordringa:)

Men han var ikkje akkurat så veldig høg i hatten då eg plukka han opp i sekstida i ettermiddag. Eg prøvde å overbevise han om at no er det nesten for sommar å rekne, med 16 grader høgare temperatur i lufta enn då eg debuterte som heilårsbadar 2.januar, så han vart i alle fall med i bilen. Vi køyrde til Flø, ei naturperle i kommunen vår, for å prøve den flotte stranda på Roppesanden.

Overskya, opphaldsver, 8 grader i lufta, 4 grader i sjøen,og karen heldt ord, han kom seg i vatnet



og tok nokre symjetak i bølgjene



før han skunda seg på land igjen.



Med andre ord: Han har æra i behold.



Og vi har gjort avtale om ein ny dukkert komande onsdag:)



Her er fotografen vår: Oliver, snart 5 år, flotte bilete han har knipsa, ikkje sant?

12 kommentarer:

  1. Jøsses!! Jeg fryser når jeg ser deg,men skulle ønske jeg var like tøff!
    Stor påskeklem til deg;))

    SvarSlett
  2. Dette er imponerende! Eg hadde ikkje orka;)

    SvarSlett
  3. DU er tøff!
    Han bare måtte, kunne jo ikke la deg klare det og ikke han!
    Lillegutt er uhyre stø på hånden!
    Kos deg!

    SvarSlett
  4. Men kjære vene....ka du driv med?
    Detta må vere frykteleg, men sikkert veldig behageleg etterpå..
    Ser forferdeleg kaldt ut........tøffingar!
    God påske!!

    SvarSlett
  5. Her er det ingen konkurranse om å legge ut ABC innlegget sitt først. Jeg er glad for alle som blir med og det er mulig til å poste innlegg helt frem til neste torsdag ettermiddag. Da stenger jeg mr. Linky for ukens bokstav og legger ut en ny bokstav rett etterpå.

    Du hadde aldri fått meg ut i der. Garantert. Jeg harre feiget ut - æren i behold eller ikke.
    Jeg er en pyse om det er kaldt og hvis det er vann med i det, så er jeg en enda større pyse.
    Hvordan i all verden får dere varmen i dere igjen etterpå?
    Jeg synes dere en noen skikkelige tøffinger!!
    Og fotografen er helproff:)

    SvarSlett
  6. - hadde feiget ut, skal der stå!!!

    SvarSlett
  7. Imponerande! :) Og for ein flink fotograf! Ha ein fin dag :)

    SvarSlett
  8. Brrr. Slikt lover ikke jeg bort... :)

    God påske.

    SvarSlett
  9. Så tøft! Hadde ikke blitt meg! Kjenner faktisk ikke noen som er helårsbadere utendørs! Kjempeflink fotograf!
    Nydelig innlegg her under! Så flott med disse vårbildene. blir litt misunnelig, men vet jo at slik er det i dette langstrakte landet vårt. Våren kommer hit og om ikke så lenge. Vi har iallefall lyset og sola! Det er godt! Takk for din trivelige hilsen! -Margit-

    SvarSlett
  10. Tak for din kommentar - Fint Æ-indlæg og god påske :-)

    SvarSlett
  11. Du er jammen tøff ,
    Det der adde aldri jeg klart.
    Ha en fin påskehelg
    Klem

    SvarSlett
  12. "Ja, Ære vere deg, det hadde ikkje vore meg"

    Stikker innom for å ønske deg ei riktig God Påske !

    SvarSlett