Marido tyder ektemann og er substantivet mitt i ABC-leiken, på bokstaven M.
Mi marido, ektemannen min, i sitt rette element:
Eg har lagt ut dette biletet på bloggen før, men har eg først eit blinkskot så må eg kunne bruke det på nytt, vel?
Du kan ikkje skifte ut o-en med ein -a og gjere ordet om til kone, neida, då må du seie esposa, eit ord eg ikkje kjenner meg heilt fortruleg med, det minner meg om å vere eksponert for/ utsett for noko; eit rivjern av ei kjerring, til dømes.
Esposar tyder forresten å setje handjern på nokon..........
Men tilbake til spanskordboka mi, du finn alle orda, så langt, nedst på bloggen her.
Andre M-innlegg er å finne her.
Hei igjen ! Så flott ein kar du har ! Det virkar som han storkosar seg der bak roret ! Er han i sitt rette element skal tru ?
SvarSlettHåper at været tillet dokke mange fine turar på sjøen både i stor og liten båt !