mandag 12. juli 2010

Mi marido

Marido tyder ektemann og er substantivet mitt i ABC-leiken, på bokstaven M.

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

Mi marido, ektemannen min, i sitt rette element:

EspUlst170708 059

Eg har lagt ut dette biletet på bloggen før, men har eg først eit blinkskot så må eg kunne bruke det på nytt, vel?

Du kan ikkje skifte ut o-en med ein -a og gjere ordet om til kone, neida, då må du seie esposa, eit ord eg ikkje kjenner meg heilt fortruleg med, det minner meg om å vere eksponert for/ utsett for noko; eit rivjern av ei kjerring, til dømes.
Esposar tyder forresten å setje handjern på nokon..........
Men tilbake til spanskordboka mi, du finn alle orda, så langt, nedst på bloggen her.

Andre M-innlegg er å finne her.

1 kommentar:

  1. Hei igjen ! Så flott ein kar du har ! Det virkar som han storkosar seg der bak roret ! Er han i sitt rette element skal tru ?

    Håper at været tillet dokke mange fine turar på sjøen både i stor og liten båt !

    SvarSlett