lørdag 19. mars 2011

Tjukt med lestar

Bestalesta 004

Treng eg mange lag med lestar for å halde varmen? - lurer du kanskje på.
Ja, av og til gjer eg kanskje det, men desse lestane er “lurelestar” som varmar litt ekstra rundt anklane, det er nemleg berre eitt par.
I staden for å strikke striper eller mønster, har eg delt  skaftet i fleire lag:

Først la eg opp 40 maskar og strikka 24 omgongar to rette, to vrange.

Bestalesta 011

Så la eg opp 40 maskar på eit nytt sett med pinnar og strikka 20 omgongar glattstrikk.
Eg strikka dei to delane saman ved å legge det glattstrikka delen utanpå den andre og strikka frå to pinnar samtidig, så strikka eg ein ny omgong før eg la til sides arbeidet.

Bestalesta 008

Til slutt la eg opp med ein tredje farge og strikka 16 omgongar, dette vart det ytste laget på skaftet og eg strikka det saman med dei to andre på same måte som sist.samanstrikkingpage




Deretter strikka eg skaftet så langt eg ville ha det før eg laga hæl og fot på lesten.

Bestalesta 006

7 kommentarer:

  1. Dette ble virkelig råflotte sokker, disse likte jeg virkelig!
    Det er jo litt artig med noe spesielt "over skoene". og det har du virkelig laget her!
    God søndag til deg;)

    SvarSlett
  2. Artige lesta :D

    Ha en hyggelig søndag :D

    SvarSlett
  3. Så fine lester! De må jo være fine til lave sko! Og så luner de litt ekstra på anklene, ja!
    Klem!

    SvarSlett
  4. Så smart, og så fine dei vart :) Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett
  5. Stilige lestar ! Fine fargar. Det er så godt når det varmar rundt anklane.

    Ønsker deg ei fin søndagskvele. Vi er nett komne frå Fiksdalen og held på å skal få opp varmen i stova her. Ute regnar det, og eg håper at det gjer eit kraftig innhogg på snøen.

    Klem frå Petrine

    SvarSlett
  6. Kjempefine sokker. Smart påfunn med "rullepølsene". Liker fargene godt også.
    Ønsker deg en fin dag!

    SvarSlett