mandag 22. august 2011

Det hele kongeriget

- heile tolmodet mitt………..

-ei utfordring eg ga ei av kollegaene mine som skulle verte tante – og som sende utfordringa i retur til meg………..

Eg var sjølv inne på denne bloggen

http://www.greasy.com/nittineedles/shetland_shawl_free_pattern.html

og fann oppskrifta. Tynn alpakka vart innkjøpt før vi tok ferie og eg kunne sette i gong å strikke.

Starten var enkel: Rillestrikk, tre maskar som skulle aukast ut, ein i kvar omgong til 123, for så å felle ein kvar omgong til eg hadde eit kvadrat som danna midten på teppet.

David og fedig kongerige 029

Så var det å plukke opp maskar langs ei side om gongen og strikke “havskum” i 60 omgongar.

David og fedig kongerige 030

Når dette var unnagjort starta tolmodsprøva: Blondekanten rundt teppet

David og fedig kongerige 033

- 140 “taggar”,

David og fedig kongerige 038

35 på kvar side, David og fedig kongerige 036

ein “tagg” utgjer ti omgongar.

Det er ikkje eit veldig vanskeleg teppe å strikke, mønsteret er lett å følgje, men det krev konsentrasjon og teljing så eg kunne berre strikke når eg var åleine.

Det gjekk med vel 400 g tråd.

David og fedig kongerige 028

Eg kom meg gjennom utfordringa og i morgon kan eg overlevere teppet til den stolte tanta så ho får gi det vidare til barnet, Henrikke, som alt er fødd :)

David og fedig kongerige 041

Det skal mykje til før eg set i gong med eit slikt prosjekt igjen…….

8 kommentarer:

  1. Du verden kor flink du har vore ! Teppet vart nydelig og eg kan levande førestille meg at det var mykje arbeid med blondekanten rundt. Men du kor fint det vart ! Gratulerer med enda eit fint strikkearbeid :))

    Håper du har ein fin kveld. Eg skal brygge meg ein kopp te og legge meg å lese bok :))

    SvarSlett
  2. Nydelig teppe =) Syntes det var koselig arbeid da eg strikka mitt, og gjør det gjerne igjen =)

    SvarSlett
  3. Men du, så lekkert det var!! Dette ser jeg har vært en kjempejobb, så da er det alltid godt å se hvor fint resultatet blir!
    Nyt uka, her meldes litt flere varme grader, og det er helt greit for meg;)

    SvarSlett
  4. Trøste bære meg for eit arbeid. Noko slikt hadde eg ikkje hatt mot på, men du for eit praktteppe det vart.
    Heldig den som får det.

    SvarSlett
  5. Fantastisk flott teppe, men skjønner at her har det vært jobb ja :D

    Ha en hyggelig tirsdag :D

    SvarSlett
  6. Flotteste babyteppet har du laget. Imponert. Dette er det mye jobb med!

    SvarSlett
  7. Nydelig teppe! Vil gjerne prøve meg på noe lignende selv, men det ser ut som om den engelske oppskriften ikke ligger ute lenger. Du har vel kanskje ikke mulighet til å legge ut du? Er særlig den siste blondekanten som virker utfordrende. Synes den danske oppskriften var vanskelig å forstå seg på.. (Selv om det hjelper med nordisk ordliste over strikkedorkortelser på garnstudio.com)
    Igjen, nydelig teppe!

    SvarSlett
  8. Malin, eg finn heller ikkje lenkja lenger, men eg har printa ut oppskrifta, så om du sender meg postadressa di til e-posten min; krisunot@hotmail.com, så sender eg deg ein kopi som "snailmail"

    SvarSlett