tirsdag 1. januar 2013

Her startar vi friskt

Skal bloggeåret bli godt må ein berre sette i gong den første dagen i det nye året.

Det finns saktens noko å skrive om, berre ein har lyst:) Strikkekroken min, til dømes. Endeleg fekk eg rydda bort småting som berre har vorte liggande der og vente på neste gong eg får bruk for dei, og grunnen til ryddinga er dette:

Nytt år 004 (2)

Nytt år 005 (2)

Den optimale julegåva for ein dedikert strikkar:), sjølv om eg tvilar på at eg kjem til å ofre det ved å tenne fyr i det…. No skal det i alle fall få lov til å stå og pynte opp i strikkekroken ei stund.

Eg har forresten vore svært heldig med gåvene mine denne jula og nemner i fleng: Piggdekk til sykkelen min:) sykkelbukse i ull:),ulltrøye:), skinnhanskar:)  nye Willowtree-figurar:),

Nytt år 006Nytt år 007 (2)

ein ny engel som har fått plass saman med dei eg har frå før:

Nytt år 008Nytt år 010 (2)

…i tillegg til snop og handkle og julepynt:) Så no er godt rusta til å ta fatt på både arbeidsåret, bloggeåret og det som måtte kome av gleder og sorger, trur eg…

GODT NYTTÅR!

4 kommentarer:

  1. Slike vakre trefigurer/engler!
    Jeg ønsker deg og dine et riktig godt nytt år!
    Klem fra Troms!

    SvarSlett
  2. Oh, var detett ljus? ser helt perfekt ut ju. Och fina figurer, tycker om sånt enkelt och vackert. Ha det riktigt gott :)

    SvarSlett
  3. Koselig innlegg under her;)
    Ja, det er bare å sette igang, og det lyset var jo helt topp, men skjønner det ikke er det første du tenner på:))
    Flotte engler dette!!
    Godt nytt år,kos deg masse;) klem fra mæ;)

    SvarSlett
  4. Godt nyttår til deg og dine! Du har så mykje spennande å skrive om, og skriv dessutan så godt. Eg skriv no berre om syinga mi, stort sett. Ser at du fann den nye bloggen min, og eg satsat litt friskt dette året. Eg trur at eg vil lage bok når året er omme, og då treng eg kanskje hjelp frå deg. Det ser så koseleg ut med dei bøkene. Ha ein fin søndag.



    SvarSlett