mandag 14. januar 2013

Islendar

Kva er ein islendar? Ikkje ein person, men ein ullgensar. Etter Devold AS si meining er dette ein islendar:
images

Eg skal ikkje akkurat påstå at dei tek feil, det er heller slik at eg har alltid hatt ei anna oppfatting, og ved å søkje litt på nettet fann eg dette biletet:

655_7006-T_Garn_og_oppskrift_til_vest_thumb

på fylgjande side: http://www.birgirsdottir.no/Shop/List/Akkurat-n%C3%A5/32/1
Det vart eg i grunnen glad for, for det stemmer heilt over eins med mi oppfatting;
ein einsfarga gensar med mønster i rundfellinga frå brystet og opp. Eg har strikka mange slike islendarar, frå eg begynte å strikke på 70-talet og minst ein periode i kvart av dei andre tiåra. Både mann og ungar har gått rundt i desse islendarane.
På tidleg 80-tal strikka eg denne på bestilling frå mannen min:

Islendarar 001

Han er ein ivrig fiskar og treng varme, gode kle når han er ute på havet i timesvis midtvinters. Med åra vart kragen misfarga, og for eit par – tre år sidan fann eg ut at eg ville strikke ein ny islendar til han, men gubben var heilt fornøgd med gensaren sin, han, skulle eg strikke ein ny så måtte den vere akkurat sameleis!
Eg brukar ikkje oppskrift når eg strikkar gensar med rundfelling, då diktar eg enkle mønsterrapportar som stemmer med masketalet undervegs, og feller ei runde når eg finn det for godt, men no måtte eg til å bruke gamle-islendaren som mønster:) Eg likar ikkje å strikke to ting heil likt, så det enda med eit kompromiss: Mørk tråd vart lys og omvendt, og ved nærare ettersyn ser eg at eg har lurt meg til å dikte litt annleis mønster også, men ikkje eitt ord til nokon om det!

Islendarar 003

Sjølv om den nye er mest i bruk, så har han også den gamle på seg av og til, her ligg dei side om side:

Islendarar 005

Eg strikkar alltid av fritidsgarn når eg lagar islendarar, det gjorde eg også når eg strikka Mateo sin i haust, eg må vedgå at det er ikkje akkurat den mjukaste tråden, så det spørst kor mykje han kjem til å ha han på seg, men eg fekk i alle fall strikka ein islendar dette desenniet ogsåSmile
Jula -12 089

3 kommentarer:

  1. Artig sammentreff, for jeg diskuterte begrepet "islender" med noen strikkevenninner på lørdag. Samme konklusjon som deg!
    Genserne er kjempefine, og dette med tykt garn var også et must til islenderen.

    Ha ei fortsatt fin uke!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Hei, og godt nytt strikke-år til deg ! Alt denne dama får til ! Det er noko heilt spesielt med slike islendarar. Det er fine strikkeplagg og sikkert kjekke å strikke. Strikkebestamannen er ein heldig mann, som har ei så kjekk kone som strikkar den eine store ullgenseren etter den andre til han :)

    Her går det i litt hekling til ei forandring. Er egentlig ikkje mi greie, men kjekt med småting i glade fargar til ei forandring.

    Kjempefornøgd med tvseria. Gled meg til neste søndag alt.

    Ha ein fortsatt fin januarmånad og pass deg for glåttå :)

    SvarSlett
  3. Jeg har ikke tenkt noe over hvilken genser som er den rette islenderen, før du skriver om det her. De er jo fine begge to :) Strikkaislendrene dine var nydelige:) Og så gode og varme de ser ut! Morsomt at du dikter mønsterrapportene selv, da blir jo hver genser unik.
    Ønsker deg en fin tirsdag :)

    SvarSlett