torsdag 20. februar 2014

Og i dag: Turparadis:)

Eg er så heldig at eg vart invitert med på tur av Oliver i dag.


Vegen til turmålet startar rett utanfor gangdøra mi, han går gjennom lerkeskog og furuskog i skjønn foreining, over klopper og bruer:




Sjølve vegen er ei oppdagingsferd åleine, eit par karar i bygda har lagt ned uendeleg mange arbeidstimar for å gjere turen til ei triveleg oppleving. Det som gjer turen så spesiell er at desse karane er ekstra kreative, så når stien låg der ferdig rydda og godt skilta, og massevis av sitjeplassar var ferdige langs heile stien, så begynte dei å "hjelpe" naturen med å lage troll og underjordiske figurar som er spanande å sjå på:)








Dei har også plassert ut små overraskingar i tre og i holrom langs med stien:)







Ingen tvil om at Oliver og eg kosa oss i dag, 



og sjøl om eg har hatt innlegg om Uglasætra her på bloggen før, så er det grunn til å skrive om denne turopplevinga på nytt:)

4 kommentarer:

  1. Så spennande. Dette har eg ikkje visst om før. Der må ein nok ta seg ein tur i løpet av våren.

    SvarSlett
  2. Så fint at du gjentok fortellinga om turstien. Koselig! Jeg så etter innlegg om luene du strikker. Selv er jeg jo inne i raggsokk-perioden og skal deretter over i lue-strikk. Er på jakt etter luer med god passform for barnebarna.
    Ha ei god helg :-)

    SvarSlett
  3. Koselig å være med på turen din!

    SvarSlett
  4. Slike turopplevelser er gull verdt! Kjekt at noen legger til rette for andre! En ekstra god grunn til å gå tur med slike opplevelser i vente. Så kjekk tur-venn du har!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett