søndag 4. januar 2015

Bli-ferdig-med-Tanzania-innlegg

No skulle eg slt ha sendt bestillings på bloggeboka for 2014, men eg er no ikkje ferdig med turen enno.

Stonetown på Zanzibar er ei blanding av smale, sjarmerande gater, restaurantar, opne marknadsplassar, strandpromenade, historie og ny tid.

 
















Mange pågåande gateseljarar gjorde det trasig å ferdast der, men vi måtte likevel ha oss eit par turar inn i byen.

Her er utsikta frå ein restaurant vi besøkte.





Michael fann ein leikepark han ville utforske



Vakre blomar var der over alt på øya.




Nokre hang framleis på trea, andre dekte bakken under trea.





Solnedgangen var kort, men fargesterk.







Den siste kvelden drog tilbake til hotellet og tok middagen i restauranten der. Det vart ein kveld med litt av kvart:


 


God mat, ja, men det gjekk kattar rundt borda og tigga etter mat, dei var så ivrige at dei klora oss oppetter leggane. Og midt under middagen vart det stor oppstandelse: Ei rotte kom pilande over golvet, og både Marylin, Michael og to kelnarar sprang rundt på vill jakt etter rotta. Ho smatt til slutt inn i baren og dei fekk lukka døra, kva som skjedde vidare der inne veit vi ingenting om... men apetitten forsvant liksom...

Eit tomannsorkester kom etter kvart og stilte seg opp på stranda nedfor restauranten, og før vi visste ordet av det var orkesteret utvida med tre personar:)



















 Michael, Marylin og Marte som skulle gå ein tur på stranda fekk utdelt rytmeinstrument og spelte med av hjartans lyst!











3 kommentarer:

  1. Tack för ditt inlägg om vår resa till Tanzania! Det var jättetrevligt att läsa och minnas igen. Hjärtliga hälsningar Margareta o Douglas

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Maggan og Douglas, kjekt med ei helsing frå dykk her på bloggen! Godt nyttår til begge to og sjølv takk for triveleg reisefylgje☺️

      Slett
  2. Kjære Kristin!
    Har lese blogginnlegga dine,- med tårer og smil!
    Kjenner at eg er så glad i deg!!

    Klem frå Gerd

    SvarSlett