fredag 27. februar 2015

Eldstebroren min

wDet er ikkje så lett å ta inn over deg, å fatte at ein som står deg så nær er borte for alltid. Vi som er dei næraste tenkjer på, og snakkar ofte om Vidar. Han fylte 67 år åtte dagar før han døydde, han skulle pensjonere seg til påske, skulle vere heime på garden og stelle den  saman med Bjørg..... Slik var planane...

 At tankane og samtalane våre dreier seg så mykje om han er naturleg, men det gjer godt å oppdage at også andre minnest broren vår. Dette gir seg uttrykk på mange vis, noko som rører - og gler meg er bileta eg finn på: Faktisk! Facebook! Nokre bilete har eg sett før, andre er heilt nye for meg. 
Her er eitt som dukka opp nokre dagar etter gravferda, tre av brødrene mine er med:

Vidar er heilt til høgre.



Så dukka det opp eit klassebilete, første og andre klasse gjekk i lag, her står Vidar i fremste rekkje.



Eit anna bilete er av ein gutegjeng på søndagstur til Høgåsen. Tøffingen med radioen på fanget er storebroren min:) To av dei andre brødrene mine er med her også.



Kjekt å finne desse bileta, og greitt å få lagre dei og ha dei som minne om ein fin og kjekk storebror.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar