onsdag 25. februar 2015

Sterke kjensler

Tidleg i januar var eg svært aktiv på bloggen for å få med alt eg hadde å fortelje frå i fjor. Så fekk eg sendt bestilling på ny bloggebok for 2014 og kjende at det var greitt å roe ned og konsentrere meg om strikking og jobb og det som ellers gjekk føre seg rundt meg.

Minstejenta var heime, ho førebudde seg til ho skulle reise til Brisbane, Australia for eit studiesemester der. 

Eldsteguten og sambuar venta sin fyrstefødde, med termin 1. februar, og veslesystra håpte at det skulle skje tidlegare så ho fekk helse på "tantebarnet" før ho reiste.

Og ho fekk ønskjet oppfylt, den 22. januar kom vesle, nydelige Oskar til verda, ein tøff og rask fødsel, men alt vel med både foreldre og barn:)


Det fyrste bilete av den stolte faren med sonen i armane kom berre timar etterpå
Vi gledde oss til  å halde vårt åttande barnebarn i armane laurdag, men fyrst var det jobb med undervisning og førebuing til neste veke.

Så, medan eg framleis sat med dette arbeidet på kontoret mitt, brått og brutalt og heilt uventa, kom telefonen om at min eldste bror hadde falle død om i heimen sin. 
På mindre enn 24 timar fekk vi kjenne på den mest fantastiske lukka og den djupaste sorga.

I dagane som fylgde var det på same viset: gleda over skjønne Oskar, få halde han og snuse inn lukta av nyfødd lukke.










































Og den sorgtunge høgtidsstunda då vi samla oss rundt båra til storebroren vår for eit siste privat farvel.

Gleda over den vesle familien som fekk reise heim frå fødeavdelinga.



Møta med svigerinna og tanteborna med familier, sorga, saknet, fortvilinga deira. Mor si sorg.

Førebuing til gravferda. 

Minstejenta som måtte reise den datoen billetten tilsa.

Gravferdsdagen, då vi, syskjenflokken bar kista inn i kyrkja før høgtida starta. 

Blomane. Lysa. 
























Avskilsbreva og teikningane som borneborna la på kista hans. 




Alle som møtte fram. Musikken. Dei gode orda. Minna.





Klemmane og omsorga. 




Kvardagane som fylgde på - uansett...
Gode kollegaer, venner, familie som framleis viser omsorg. Det hjelper på.


Og Oskar minner oss heile tida på "slekters gang"






3 kommentarer:

  1. Ja, her var virkelig livets gang samlet i et blogg-innlegg. Gratulerer så mye med den herlige gutten. Kondolerer. Sorg og glede hand i hand.

    SvarSlett
  2. Så vakkert og trist på same tid <3 vakre bilder og vakker tekst <3 klem <3 <3 <3

    SvarSlett