søndag 22. november 2015

1.august 2015 - den store dagen

Ramma kunne ikkje ha vore betre: 
Strålande sommarver den dgen sunnmøringane var i fleirtal på Sør-Koster. Der var mange frå Daniel si famile også, men så mange som vi er i vår familie, dominerte vi fullstendig. Det var uansett kjekt å sjå så mange glade og smilande gjestar. 

Men jammen vart det ein hektisk føremiddag, særleg for Daniel og bror Andreas. Huset skulle tømast for baggasje og matvarer og ”festplassen” skulle klargjerast med teknisk utstyr og raud løparSiv bakte vannbakkels medan eg skulle klargjere tre pavlova-kaker, som heldigvis var ferdig steikte tidlegare i veka. Ånund, Jose og gutane, saman med Åsta og Markus hadde si fulle hyre med å få flytta alt pikkpakket ned til hotellet, Magnus hjelpte til der han kunne, medan Tove, Elise og Marte var hos frisøren i Strømstad. Som Siv sa: jammen godt at vi er lettstelte, tante!”

Men klokka to var vi spenna klar, heile gjengen: alle i sin finaste stas:

Marylin og stråla i kvit tyll og kvite skor, 

Jenny i kvit sommarkjole, og Michael, Oliver, Mateo, Antony og Luca var stramme som tinnsoldatar i dei flotte dressane sine, og sola strålte framleis høgt på himmelen.



Til og med Oskar hadde dress i høve dagen:)

Vi var ikkje så verst vi andre, heller, 80 gjester i alt, der vi møttest på stranda, som fungerte som ein vakker vigselsplass. 
Nina og Andreas gjorde stunda spesiell og fin med song og musikk, tanta til Daniel, Marianne, var seremonimeister, eller vigselsforrettar, ho fekk til å skape ei stemning av høgtid og nærleik gjennom heile seremonien. Pappa Ånund og Elise og Andreas fylte rollene sine på ein flott måte.
 

Men hovudpersonane, brudeparet Marte og Daniel overstråla alt og alle, nydelege, glade, strålande av lukke, stod dei saman framfor Marianne under vigsla. 


Dette var stunda dei hadde planlagt så nøye, som dei hadde jobba fram mot, gledd seg til, og grudd seg til; tenk om veret vart dårleg,  tenk om gjestane ikje ville reise så langt, tenk om borna slo seg vrange, om høgtalarane ikkje ville virke.…

Men alt var perfekt, Marianne las dikt og snakka om kjærleiken  med stor integritet, borna oppførte seg som englar. ”Farsan” og ”farbror” til Daniel, Arne og Sune, heldt på plass blomsterarkaden så vinden ikkje skulle velte den, og brudeparet sa ”ja” på rett plass.







Framhaldet var ikkje dårlegare: Brudeskål, jordbær, kaffi og kake i hotellhagen på Ekenes, med song av Jenny og Oda.



























Fotoseanse følgde deretter.

Brudeparet og forlovarane Elise og Andreas.


Her er dei saman med mor og far til Daniel.
Daniel si næraste familie: Douglas, Maggan, Marte, Daniel, Nina, Andreas, Arne og Mary Ann.

Brudeparet saman med oss to.

"Berre" Marte sine næraste: Ånund, Åsta, Tove, Michael, Marylin, Marte Daniel, Jenny, Iver, Petter og Kristin.

Middagen, med utsøkte rettar, og god vin, i fylgje dei som har greie på det, vart leia av ein opplagd og morosam toastmaster: Inge, Marte sin gode kompis og studiekamerat.





Talane vart ei passe blanding av alvor og humor.









Brudgommen tala og song til bruda, 




og jammen slo bruda til med song til brudgommen som avslutning på sin tale også!


Eg hadde fått beskjed med bruda at ho ikkje ønskte nokon tale frå meg, eg kunne få lage song. Dette utnytta eg til fulle, med Tove si hjelp vart det 11 vers som alle gjestane måtte vere med og synge.




Etter middagen hadde Nina og Andreas ei musikalsk avdeling før dansen starta.
Her imponerte brudeparet med ei skikkeleg danseoppvisning under ”brudevalsen”.



Etter det eg har høyrt varte selskapet til den lyse morgon, sjølve gjekk tilbake til båten og tok natta i to-tida.




1 kommentar:

  1. Sååååå herleg å sjå og lese frå dette flotte sommarbryllaupet <3 Du er så flink til å dele :) Ser ut som det var eit vellukka bryllaup <3 Klem

    SvarSlett