søndag 8. november 2015

Juli - den lange båtferien Del 1

-->
Første del av sommaren var ikkje særleg varm her på våre kantar, ikkje var det så veldig tørt heller, difor vart det stressande for Ånund å få ferdig båten til vi skulle legge ut på båttur. Eg ønskte ei aldri så lita oppgradering av båten,  i alle fall eit strøk med maling eller to, det er slett ikkje kvart år det skjer, så ein kan vel seie det var påkrevd.
 Vi skulle langt av garde, målet var Kosterøerna , og der måtte vi vere i god tid før den 1. august, så planen var å starte heimanfrå den 10. juli. Dette klarde vi akkurat, kl. 18:30 kasta vi loss og sette kursen sørover i vakkert sommarver.
Å passere Stadten i slikt ver er berre kos, og vi kom oss til Kalvåg i Bremanger i god tid før midnatt.






Neste dag var det også vindstille, så vi valde å gå langt ut i havet, målet for dagen var Bulandet, ei øygruppe vi har sett langt i det fjerne kvar gong vi har gått mellom Florø og Bergen. Slik store delar av sommaren var, fekk vi regn før vi kom fram, men likevel fekk eg meg ein spanande spasertur då vi hadde lagt oss til ved gjestebrygga på Nikøy.




Det ser ut som heile øygruppa består av konglomerat, dvs. samanpressa stein av ulike bergartar. Øyene låg der som perler på ei snor, med mange lune viker og vågar. Heile plassen er rein idyll!







Neste dag tok vi syklane på land og tok oss ei runde over fleire bruer på vegen mot Værlandet, ein frisk tur i gråveret, og igjen såg vi for eit vakkert øysamfunn Bulandet er.



Men vi skulle vidare, Ånund hadde tydeligvis sett føre seg at vi skulle utforske dei vestlegaste krikane av landet, så han la kursen sørvestover. I regnveret var det ikkje så veldig freistande med ilandstiging , men vi kikka i alle fall på både Utvær og Fedje, frå båten. Vi fann ut at vi like godt kunne tøffe  sørover heile dagen, og slik vart det eit langt strekk utan stopp, til vi nådde Nautøyo ved Stord ut på ettermiddagen. Der måtte vi sjølvsagt stoppe ei stund. Der ligg hytta til Torill og Gunnar, og det finns visst ikkje vakrare plass på jord, etter Ånund si meining. Gjestfrie er hytteeigarane også, dei byr på gratis bryggeplass og landstraum, og dei diskar opp med gode måltid. I tillegg er det veldig kjekt å berre vere saman med dei.







Ein tur innom Vikjo for å besøke tante Åsta måtte vi også, og sidan sola skein frå ein nesten skyfri himmel neste dag, sykla vi til Sagvåg på vennebesøk før vi tøffa oss tilbake til Nautøyo for natta.




Tysdagen hadde vi Finnøy ved Stavanger som mål, der har min onkel Kåre hytte, og vi har hatt plananr om ein visitt hos dei lenge, så i år skulle det bli. Litt stamping måtte vi tole i Boknafjorden, sjølv om veret var fint og sola skein.
Ut på ettermiddagen la vi til ved Judaberg, og då var det berre ein kort spasertur til hytta. Der vart vi tekne godt imot, vi fekk omvisning både inne og ute, det er ikkje vanskeleg å forstå at hytta er favorittplassen til både tante Kari og onkel Kåre.









Sidan vi er ganske avhengige av landstraum når vi ligg ved kai, måtte vi finne bryggeplass for natta i Stavanger.




Frå Stavanger og sørover er det gjerne litt rufsete på sjøen, slik var det denne gongen også, vi kunne ikkje gå med full fart forbi Jæren. Men vi var heilt einige om at Egersund ikkje skulle få besøk av oss denne gongen, så vi ”stirra” oss vidare austover til vi kom i smulare farvatn innover mot Flekkefjord. Der fann vi oss bryggeplass. Det er alltid kjekt å kome til plassar vi ikkje har vore før, og Flekkefjord viste seg å vere ein koselig by med ei fin gjestehamn.











Pent.no var ofte framme på mobilen denne sommaren, det eg såg etter var vindstyrken. Det virka ikkje særleg lovande med tanke på at vi skulle forbi Lista, men vi fann ut at om vi la i veg tidleg på morgonen skulle vi kome oss rundt denne irriterande landstripa før vinden vart for frisk.






Så vi tok laust i sju-tida om morgonen, og gynge oss fekk vi, som alltid, rundt dette neset. Så pass friskt vart det at vi hadde behov for ein tur innom Farsund og slappe av før vi gjekk den fine Spangereidkanalen i staden for å gå på utsida av Lindesnes.








Så var det reine signingsferda det siste stykket inn til Mandal. Der vart vi verande nokre dagar medan vi venta på betre sommarver og mindre vind.





2 kommentarer:

  1. Dette så fint ut! Gjett hvem som fikk lyst på båtferie...... Venter spent på del 2.

    Klem

    SvarSlett
  2. For ein seilas ;) Kjekt å lese og sjå bileta - kjenner vugginga og sjøsjuka kjem sigande...

    SvarSlett