torsdag 14. januar 2016

Bloggeåret 2015 i bokform

Fjorårets utgåve av bloggeboka kom i posten i dag, den handlar mellom anna om Oskar som kom til verda for snart eitt år sidan.
Det er like stor stas kvart år å få føye til ei ny bok i samlinga, dette er den sjuande utgåva.



Nokre detaljar rundt desse bøkene irriterer meg, t.d. alle skrivefeila, men når ein skriv innlegg på ein liten mobil er det lett å treffe bokstaven ved sidan av den eg skulle treffe, og ikkje alle desse feila blir fanga opp når eg berre har den vesle mobilskjermen til rådvelde under "korrekturlesinga".



Ein annan ting som gjer meg litt irritert er at eg ikkje får velje kor stort kvart enkelt bilete skal vere. Når eg redigerer på bloggen vel eg alltid ekstra stort bilete, men når boka blir trykt, så er det tilfeldig kva for nokre av bileta som er store og kva for nokre som er små.



Det som er fint med denne siste boka er at eg kunne velje ny side for kvart nytt innlegg, om teksta til eit bilete då kjem på feil side får eg vel berre bere over med.

No er boka her i alle fall, og til saman begynner bloggebøkene mine å vise att i bokhylla, ei bok i året frå 2009 til 2015:)


2 kommentarer:

  1. Så bra med bloggebok! Eg har akkurat bestilt mi tredje. Tenkjer at når den tid kjem at eg kanskje kjem på sjukeheim, så skal eg i alle fall ha med desse bøkene.

    SvarSlett
  2. God ide, takk! Det er faktisk slik at ein deler ein del på nettet...så kvifor ikkje ha det i bokform? Klem

    SvarSlett