mandag 23. mai 2016

Strikkearven

Eg har teke opp arven etter mor, eller...... kanskje ikkje...
I løpet av dei siste produktive åra til mor strikka ho eit ukjent tal med pledd i havskummønster.
Ho fekk eit slikt pledd i fødselsdagsgåve, kanskje til syttiårsdagen sin, og truleg syntest ho det var fint, for det tok ikkje lang tid før ho fekk fatt i oppskrifta og begynte å strikke havskumpledd sjølv.


Kor mange ho har strikka er det ingen som veit, men alle vi borna hennar fekk oss pledd, likeså dei fleste av barneborna, her i huset ligg det for tida tre slike pledd som ho har strikka, sidan dei to yngste enno ikkje har "flytta ut" heilt på rett. Eit utal har pledd vorte gitt til utlodding til inntekt for ulike gode formål.


For ti år sidan, då Marte venta Marylin, lærde mor meg mønsteret slik at eg fekk strikka eit vognteppe, men det vart med det, og framgangsmåten gjekk i gløymeboka.
Medan eg  strikka "Det hele kongerige" tidlegare i vår begynte eg å tenkje på at det er no synd at ikkje nokon av mor sine etterkomarar held i hevd  denne pleddstrikketradisjonen, så eg gjorde eit søk på nettet og landa på ein blogg som hadde lagt ut oppskrifta, i alle fall bort i mot slik mor brukte å strikke det. Dermed sette eg i gong med eit nytt babyteppe så snart eg hadde avslutta det forrige, denne gongen med remser i havskum som skulle syast saman til eit teppe til slutt.


Det tok mor to veker å strikke ferdig eit pledd passe stort til å pakke rundt seg når ein tek ein strekk på sofaen. No har eg brukt nøyaktig ein månad på eit lite babyteppe, ikkje akkurat imponerande tempo, men i dag vart det ferdig, det einaste som står att er vasking og blokking.


Mor hekla ein tungekant rundt heile teppet til slutt, så det måtte eg også gjere, eg er ei skikkeleg kløne med heklekroken - og ikkje bryr eg meg med å sjekke korleis denne tungekanten skal heklast heller, det blir som det blir - på min måte.




Eg ser også at mor sydde saman remsene på ein annan måte enn det eg har gjort, og ho strikkka med to fleire maskar i breidda på kvar remse, men summa sumarum er mitt vesle babyteppe ein bra kopi av mor sine pledd.



Om eg kjem til å forsette med havskumstrikkinga no? Vel, eg går lett lei om eg strikkar det same om og om igjen, men eg veit i alle fall at oppskrifta er teken vare på - og eg kan strikke eit pledd når eg vil - om eg vil:)

1 kommentar: