torsdag 24. august 2017

Mannen og båtlivet

I går la mannen min i veg til Stord i båten sin,  åleine, for å få med seg vervadagane som blir arrangerte komande helg. Mor hans likar dårleg tanken på dette, ho synest det er eit vågespel, medan eg er heilt trygg på at dette kjem til å gå heilt fint.
Eg er optimist av legning, og i tillegg har eg vore med han på tur i båten fleire gongar og veit at han har kontroll på både båt og navigering, og at han ikkje tek unødvendige sjansar.


Det er nemleg slik at båtlivet er den optimale måten å feriere på for han, medan eg synest det som har med båt å gjere  er temmeleg uinteressant, difor har han ansvaret for alt som følgjer med det å ta seg fram på havet, min innsats innskrenkar seg til å ta imot støyten når vi legg til kai, pluss litt matstell og rydding og anna forefallande småtteri.

Ein kan vel undre seg på kvifor eg blir med på desse turane når eg ikkje har interesse for båt, det har eg gjort sjølv også og funne ut at der er nokre gode sider ved sjølivet: mykje frisk luft, god tid til å styre med hobbiar av ymse slag, vi har med "huset" så vi veit at vi har ei seng å sove i når natta kjem, det er kjekt å sjå kor godt mannen min trivest, eg får eit visst overtak når det gjeld å bestemme kva reisemål vi skal velje når vi skal på andre turar, og ikkje minst, at det finns vel ikkje ein betre måte å oppleve Vestlandet på enn frå sjøsida.


Denne sommaren hadde vi ei tilmålt tid for båtturen, vi måtte vere heime att til midten av juli for då var vi inviterte i bryllup, derfor utrusta vi oss for tur så snart skulen tok ferie. Eg er livredd for ikkje å få dyrke interessene mine når eg har fri, dermed lasta vi ombord både kajakkar, syklar, tråd og strikkepinnar i tillegg til villsau-ull som skulle kardast og spinnast, og dermed måtte kardemaskina og rokken også vere med.

Vi går stort sett i sørleg retning når vi skal på tur, då må vi alltid starte med å krysse Stadthavet.
Litt ruskete var det, men på ingen måte utrygt, og vi fann oss ei god hamn på Silda fyrste natta.


Neste dag sikta vi oss inn på Bulandet, der var vi for to år sidan, då øydela regnver for lysta til å utforske dette øysamfunnet, så vi måtte tilbake og sjå oss om i godveret.


Syklane vart tekne i bruk, der er bruer mellom Bulandet og Værlandet, ein passe lang tur for sommarturistar.



 Over heile området finn ein bergarten konglomerat,




 der er eit utal av øyer, viker, holmar og skjer.




Bergformasjonane ligg der som som store steinar, og der er grønt og frodig inn i mellom berga. 





Vi hadde oss eit par utruleg fine padleturar i kajakkane, eine dagen i området rundt gjestehamna,

den andre dagen ut til Sandøya, ytst ute i Bulandet.


Neste stopp var Fitjar, der hadde vi ei overnatting før vi fortsette vidare til Leirvik på andre sida av Stordøya.


 Der besøkte vi slekt og venner
 


Vi sykla til Sagvåg for å sjå på "gamledampen" Sunnhordaland,

 før vi la til ved hytta til Torill og Gunnar på Nautøyo.


 Der kom kardemaskina fram og eg fekk karda all ulla eg hadde med.





Etter kjekke dagar i ly for nordavinden ved hytteveggen på Nautøyo



sette vi kursen norover att.

Vi var så vidt innom Bryggen i Bergen før vi fortsette vidare.


Neste stopp var Hardbakke i Solund.


Det var ikkje like enkelt å sykle der som på Bulandet, der var ganske mange harde bakkar å forsere, ja, men ein vakker plass er det, med nakne fjell og berg.



Vi måtte berre klatre ned til steinen som ligg ved brua når ein kjem inn mot havna i Hardbakke, den har tydelegvis hatt seg nokre runder i ei jettegryte ein eller annan stad i området.


Mange plassar ligg der ein stein og balanserer på toppen av berget og minner oss om at ein gong var landet vårt dekt av is.


Det var veldig kjekt å møte på isbilen der vi sette oss ned for å ta ei pause, akkurat det vi trengde etter alle bakkane:)


Det bles opp medan vi låg der, så opphaldet vart lenger enn planlagt, "jibbersdagen" til gubben vart feira der me bacalao og vin og

ekte båtpavlova


Det at vi vart liggande verfaste ga meg sjansen til å leite fram ulla og rokken.


Det vekte ei viss oppsikt, eg skal vedgå det, men det var no også ganske kontaktskapande, for dei som passerte forbi båten stoppa opp og kommenterte, litt lattermilde og ganske store i augene.

Ein bergensar som hadde bryggeplass rett overfor oss kom med fylgjande utsagn: "Nei nå eg må ta et bilde, det er ingen som kommer til å tro meg uten!"

Laurdag og bading høyrer saman så då vart det ein liten symjetur ved båten.


Då vinden stilna av bestemte vi at vi ikkje kunne forlate Solund før vi hadde svinga oss utom Lågøyna for å ta bilete av nokre svære steinar som ligg som naturen sine eigne  skulpturar ned i sjøkanten.


Sidan vi hadde bra med tid på å kome oss heim tok vi ei overnatting i Kalvåg i Bremanger, ei koseleg hamn som vi har besøkt fleire gongar tidlegare. 


Denne gongen prøvde vi ut stien opp til eit utkikkspunkt over bygda. Karin Flatøy Svarstad som har galleri i Kalvåg hadde i samarbeid med andre kunstnarar laga reine eventyrløypa oppover stien med ulike skapningar laga av ull. Artig for oss, og sikkert kjempespanande for born som vandrar på stien.





Siste stopp før heimehamna var Hagevik tønnefabrikk i Måløy.


 Ein av medeigarane av denne freda fabrikken er sambuar med syskjenbarnet mitt. Han tok godt imot oss, inviterte oss på kaffi og is og tok oss med på omvisning i tønnefabrikken. 


Det er ikkje få arbeidsprosessar som skal til før ein har eit ferdig produkt, og han er ein av få att her i landet som kan alle desse prosessane og faktisk produserer tønner enno.

I andre høgda i fabrikken har dei laga til eit flott festlokale med plass til hundre personar.


For to år sidan, på forrige båtferie produserte eg tjukkelestar, på veg over Stadten hengde eg alle lestepara opp i snorene på kajakken og tok bilete av dei, etter 15 dagar på båttur denne sommaren vart resultatet

to islandstrøyer og to hesper ulltråd:)


1 kommentar:

  1. Kjære Strikkebesta! Du er berre heilt topp! Eg nikoksar meg å lese og sjå frå turen...noko eg alltid gler meg til å gjere. Du er i sanning noko heilt unikt :) Flotte bilder, flott natur, kjekke folk, og ikkje minst fantastiske aktivitetar, som går rett i hjarterota mi <3 klem

    SvarSlett