mandag 1. januar 2018

Det tok visst litt av

Ja, med islandsstrikk, altså.

Det finns så utruleg mange fine mønster på islandstrøyer, og tråden - lopi - enten det gjeld einband, lett-, álafoss- eller pløtulopi  så har den slik fin struktur og gir så mykje karakter til strikkaplagga at eg er heilt hekta. I tillegg er dette ein ganske billeg tråd.
I haust har eg pressa islandstrøyer på dei fleste i familien, enten dei vil ha dei eller ikkje. Ei trøye har eg selt til ei badevenninne, og ei har eg strikka på oppdrag.
I tillegg til dei åtte eg strikka i løpet av våren og sommaren



vart det ein gensar etter mønsteret Ranga, der eg valde å strikke glattstrikk og bruke mange fargar i berestykket.



Ein Merla-gensar til meg sjølv, strikka i dobbelt einband, utan faks i nedkanten.



Ein Øngull til Iver, strikka i Álafosslopi, 


ikkje så lett å sjå, men der er seks fargar i mønsteret. Ønskte han seg ein islandstrøye? Nei, men eg kan vel gi han det eg vil i "jibbersgåve"?



Så vart eg med på ein "knitalong" der alle skulle strikke Afmæli, eg valde å strikke min i tre blånyansar i pløtulopi, den veg berre 260 g, noko som er utruleg lett med tanke på at det er hundre prosent saueull.




Ein kompis av meg som må kunne kallast ein ekte globetrotter var på Island i haust, han skreiv på fb at han kjøpte seg ei hue, men ein gensar tok han ikkje sjansen på då han frykta at den ville verte for "stikkete for hans sarte hud". Eg kunne ikkje halde meg frå å svare at han måtte berre kjøpe tråd så skulle eg strikke ein gensar som berre blir mjukare og betre til meir den blir brukt.
Han kom heim med tråd og ei oppskrift som skulle vere tilnærma lik hua hans. Det var ingen sak å endre mønsteret slik at det vart heilt likt huemønsteret, og sidan trøya då vart ein original fekk den namn etter eigaren: Eirikur Flakkari, strikka i dobbel pløtulopi.





Sidan strikka eg ein ny Afmæli i nesten dei rette fargane etter mønsteret, den vart ferdig til Laura sin fødselsdag i slutten på september, eg brukte lettlopi på den.





Og då vart det naturleg å strikke ein Vedurfrædingurinn til Petter, også i lettlopi, så dei har kvar si islandstrøye når dei går på fjellet.









Den sekstande islandstrøya har det gått saktare med, eg har stadig hatt andre strikkeprosjekt som måtte få prioritet, som tre ullbukser til Mio,








og like mange ullgensarar før austlandskulden sette inn på rett.




Så vart det ei monsterbukse til Oskar - og ei til Vinjar,


før eg begynte på ein Per Spook-gensar til Kristina. Den er strikka i str 11/2 år så den ligg her umontert og ventar på at jenta skal vekse litt til.


I staden strikka eg ei Fanakofte med rundfelling som vart ferdig til jul og som passar bra.


Så måtte Åsta ha seg ein Hybridgensar i ein tråd Faerytale frå Du store alpakka  og ein tråd Drops air,
eg fekk tak i to nøster av Air, resten måtte eg vente på i to månader før der var meir å få av den, så no er endeleg den ferdig


og eg kunne vende tilbake til den sekstande islandstrøya, ein Telja som eg strikka i lettlopi og som eg akkurat fekk ferdig før det nye året starta.





I 2018 har eg berre planar om eit par, tre, fire - kanskje fem - nye islandsstrikkeprosjekt før eg begynner å strikke huer, vottar og lestar igjen.



1 kommentar:

  1. Jøye då for ein storstrikkkar :) mange flotte gensarar og andre plagg ;) dei er bra heldige som har deg, Strikkebesta <3 klem

    SvarSlett