torsdag 12. februar 2009

Vinter i vest

Så herleg med all snøen som har lava ned dei siste dagane! Godt å kjenne den boblande gleda når eg ser snøflaka kome dalande ned. Det gir gode assosisajonar til barndommen og dagar fulle av leik i alt det kvite. Det var så mykje å finne på: Lage snøballykt, trakke opp fine mønster over dei slette flatene på markane, hoppe i små snøfonner, skiturar, og å våge å sette utfor bratte bakkar der ein eigentleg ikkje var sikker på å kome seg velberga ned.


Alle desse gode minna lokka meg ut av godstolen og på med skia i ettermiddag. Eg har skaffa meg eit par smørefri ski, det passar best for meg sidan eg berre kjenner til "sølvswix" som skismøring. Men i dag var visst ikkje dei smørefrie tingen. Først trakka eg meg gjennom upløygd mark, så, når eg endeleg kom inn i oppgådde løyper, kladda snøen seg i høge klumpar under skia, det var som å gå med høghæla sko, ein kunst eg slett ikkje meistrar.

Men god trim var det, og godt å vere ute i alt det kvite. No kan eg kose meg med tekoppen og kjenne at "skimusklane" har vore i bruk ei lita stund.

1 kommentar:

  1. Kjekt å sjå at det er andre bestemødre som har funne turen inn i bloggverda. Vi to er vel omlag like ferske vi, så er det berre å finne dei rette vegane å gå....

    SvarSlett