mandag 20. juli 2009

Blomster langs vegen


No skulle eg ha vore meir datakyndig og gjort slik som mange av bloggvennene mine som lagar fine fotomontasjar av det dei har teke bilete av. Men eg kan det altså ikkje, og eg er for lat til å sitje og leite etter ei oppskrift, sjølv om det heilt sikkert finns gode rettleiingar berre ein veit kvar ein skal finne dei.




Derfor legg eg rett og slett ut bileta enkeltvis, så kan eg håpe på at nokon forbarmar seg over meg og kjem med gode tips i kommentarfeltet etterpå.




Bileta er frå siste delen av Camino de Santiago som mannen min og eg gjennomførte i månadsskiftet juni / juli, og det eg vil vise fram er litt av blomsterprakta vi passerte på vegen vi vandra.




Kameraet mitt kan ikkje yte blomstrane rettferd, men her er bileta likevel:)PS. Takk til Nikoline for godt råd:)

3 kommentarer:

  1. Hei,hei og velkommen heim igjen!
    Nydelege bilder... og du kan godt gleda oss med å legga ut eitt og eitt :0)
    Men det er moro å leika seg litt med bilda også synes eg,og eg er ei skikkeleg datakløne!! Det kan eg forsikra deg om! Eg har lasta ned eit program som heiter PhotoScape,der er teksten på norsk og det er veldig enkelt å bruka.(og det er eit gratisprogram) Det er fleire forskjellige slike billedprogram rundt om,men eg synes det lettaste er det eg nevnte her. Du finn adr.om du søkjer (googlar)PhotaScape.
    Ha ei riktig god sommarveke og resterande ferie og lykke til med fotomontasjen :0)

    SvarSlett
  2. Du har tydeligvis vandret i nydelige omgivelser! Har selv Photoscape, så der kan du leke deg en masse med bildene. Ha en flott mandagskveld!

    SvarSlett
  3. He-he, ja det va voldsomt med blomsterbilde her inne i dag. Skulle berre vise Anne bilda frå påska, men måtte leite lenge og vel før vi kom så langt tilbake. Tydelig at du e like ivrig som før med blogginga di! Underholdt folket her med altanrekkverkhistoria i går. Den slår alltid an :o) Skal helse!

    SvarSlett